LNU: – Eit felles ansvar for å støtte dei av oss som er skeive, og stå opp mot hets, hat og vald

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner reagerer på reaksjonane Skeiv Ungdom har møtt etter masseskytinga. Dei fryktar demokratiet mistar viktige stemmer.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er hårreisande å høyra om reaksjonane Skeiv Ungdom har møtt dei siste dagane. Ingen burde bli hetsa for å vera den dei er.

Det skriv leiar i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner, Margrete Bjørge Katanasho, i ein e-post til Framtida.no.

– Ord legitimerer handling

Til Framtida.no har påtroppande Skeiv Ungdom-leiar Jane-Victorius Bonsaksen fortalt om tøffe dagar i etterkant av masseskytinga i Oslo sentrum, i ei gate der mange var samla for å markera Pride.

– Skyteepisoden kom både overraskande og ikkje, fordi me ser at ord legitimerer handling og er med på å bidra til auka hatkrimratar og valdstendensar, og negativ diskriminering generelt. Dette er noko fleire har frykta over lengre tid at kom til å skje i ein eller annan forstand, sa Bonsaksen til Framtida.no tidlegare denne veka.

Påtroppande leiar i Skeiv Ungdom Jane-Victorius Bonsaksen kjem frå vervet som politisk nestleiar. Det som skulle bli ei historisk Pride-feiring vart i staden eit traume for LHBTQIA-miljøet. Foto: Andrea Nøttveit

I etterkant av åtaket har Skeiv Ungdom som organisasjon og enkeltmedlemmar opplevd å få hatefulle meldingar både i kommentarfelt, innboksar i sosiale medium og på e-post.

Organisasjonen har sett seg nøydd til å oppmoda medlemmane om å unngå sosiale medium, for å verna seg mot omfanget av negative kommentarar om at dei fortente det. Skeiv Ungdom fryktar dette vil auka frykt, redsel og ei kjensle av at majoritetssamfunnet ikkje ynskjer dei skal eksistera.

Trugar demokratiet

LNU peikar på at hets mot barn og unge ikkje berre er øydeleggjande for dei som tek imot hetsen, men at det er også trugar demokratiet vårt.

– Når unge møter hets for å vera den dei er, trugast dei også frå å delta i den større samfunnsdebatten. Då risikerer me som samfunn å gå glipp av viktige stemmer og perspektiv, åtvarar Katanasho.

I ei europeisk undersøking publisert av EUkidsonline.net i 2020 rapporterte 18 prosent av norske barn og unge at dei anten dagleg eller kvar veke vart eksponert for at andre vart utsett for cyberhat. Eksponeringa auka med alderen på dei 765 respondentane, som var i alderen 11–17 år.

Risikerer å mista stemmer

LNU-leiaren viser til Press-rapporten Å vokse opp på nett der ei gruppe unge fortel om sine erfaringar med og tankar om netthets.

– Me risikerer altså at òg skeive barn og unge som er vitne til det som skjer no, vert skremt frå å leva fullt ut som seg sjølv, eller engasjera seg for det dei trur på seinare, understrekar Katanasho.

– No har me alle eit felles ansvar for å støtte dei av oss som er skeive, og stå opp mot hets, hat og vald, avsluttar ho.


Les også: Skeive muslimar åtvarar mot islamofobi etter åtaket i Oslo

MDG-politikar Rauand Ismail er sjølv homofil muslim, og er i sorg etter skytinga. Foto: Magnus Skrede/MDG