Skeive muslimar åtvarar mot islamofobi etter åtaket i Oslo

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er så viktig at det ikkje er muslimhat og rasisme som blir responsen frå oss som samfunn.

Det seier Rauand Ismail til NRK.no. MDG-politikaren er sjølv homofil og muslim.

Skeive muslimar dobbelt diskriminert

Til NRK seier leiaren i Skeiv Verden, Bassel Hatoum, at mange skeive med minoritetsbakgrunn opplever å bli dobbelt diskriminert. Han fryktar at masseskytinga, som vart utført av draps- og terrorsikta Zaniar Matapour (42), vil føra til meir rasisme og homofobi i samfunnet.

– Det er allereie mykje islamofobi og rasisme som florerer i samfunnet vårt. Eg trur ikkje det vil bli mindre av det no, seier Bassel Hatoum vidare i eit intervju med Klassekampen.

I ei pressemelding åtvarar Islamsk Råd Norge mot å setja menneskegrupper opp mot kvarandre.

– IRN er klåre i fordømminga av åtaket. Samstundes ønskjer vi å oppmoda om varsemd i å krevja frå norske muslimar at dei skal ta avstand frå gjerningspersonens terrorhandling – eller homohat – berre på bakgrunn av at dei er muslimar, skriv dei i pressemeldinga.

Islamsk Råd skriv at det burde vera sjølvsagt at muslimar ikkje støttar slike handlingar.

Assosiasjonar til Orlando

Assisterande generalsekretær i den skeive organisasjonen Salam, Thee-Yezen Al-Obaide, trekker parallellar til åtaket i Orlando der afghansk-amerikanske Omar Mateen gjekk til åtak på ein utestad for homofile.

Også no opplever Al-Obaide at muslimar må gå i forsvarsposisjon, og viser til islamofobiske kommentarar i sosiale medium.

– Dei dreg alle under same kam, og det håpar eg at sluttar no. Fleire av oss kjenner at me blir dytta tilbake i skåpet, som både skeive og muslimar. Då kjenner me ekstra på kor viktig kampen er, seier han til NRK.no.


Gjennom heile helga har folk samlast og lagt ned blomar på staden der masseskytinga i Oslo fann stad. Foto: AP Photo/Sergei Grits