BSU og sosialhjelp: «Svekkjer økonomien til unge i vanskelege situasjonar»

Eivind Rand Øyre
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

BSU (bustadsparing for unge) er ein form for sparekonto for dei under 33. Ordninga er meint å stimulere unge til å kome i gang med bustadsparinga tidleg i livet gjennom skattefordelar og høge  innskotsrenter. Nesten 400.000 unge nordmenn sparar i BSU.

Sparepengane må brukast på utgifter knytt til bustadkjøp. Blir pengane brukte til andre føremål, må eventuelle skattefordelar tilbakebetalast. Ein mister òg mogelegheita til å opprette ny BSU-konto i framtida.

Bustaddraumen på hylla

Sosialhjelp er hjelp frå det offentlege til personar i vanskelege økonomiske situasjonar. Ordninga skal sørgje for at dei som treng det har nok pengar til å overleve.

Nav er pålagt å vurdere om det vil gjere det vanskeleg for den som søkjer om sosialhjelp å kome inn på bustadmarknaden seinare i livet, dersom dei krev at pengane på BSU-kontoen blir brukt opp først. Men Nav kan likevel be om at den som søkjer bruker opp desse pengane før dei får hjelp.

Det er unge frå husstandar med høg inntekt som sparar mest i BSU. Denne gruppa endar  sjeldnare opp med å trenge sosialhjelp.

Hamnar ein i økonomisk uføre med eit dårlegare økonomisk utgangspunkt, blir spare-evna tilsvarande svekt. Når ein i tillegg blir pålagt å tømme BSU-kontoen, utan høve til å opprette ny i framtida, har ein ikkje stort anna val enn å leggje bustaddraumen på hylla for godt.

Vanskeleg å sjå fornufta

Det er vanskeleg å sjå fornufta i ei ordning som varig svekkjer økonomien til unge i vanskelege situasjonar, når ho i utgangspunktet er meint å hjelpe menneske med økonomiske problem. Tvert imot bidreg ordninga til å forsterke økonomiske og sosiale forskjellar i samfunnet.

Det kan verke underleg at ein skal kunne få sosialhjelp med 300.000 på konto. Ettersom unge frå økonomisk robuste heimar som oftast ikkje endar opp med å trenge sosialhjelp, ville eit unntak av BSU-en frå den pålagde sparepengebruken likevel ikkje slå ujamt ut.

Dei som endar opp med å måtte bruke BSU-en til dette føremålet er ikkje dei med 300.000 på kontoen, men gjerne dei som har spinka og spart i lengre tid for å leggje seg opp summar som 30-, 40- eller 50.000.

Bør få opprette BSU-konto på ny

Det treng ikkje alltid vere problematisk at Nav krev at BSU-sparinga blir oppbrukt før sosialhjelp ytast. Det vil òg kunne by på utfordringar å forskjellsbehandle potensielle tenestemottakarar ut ifrå om sparepengane kjem frå foreldre eller eiga inntening. Å fjerne Navs tilgang til å stille slike vilkår verkar difor ikkje som ei god løysing.

Ein bør heller sørgje for at bankane let unge som tidlegare har motteke sosialhjelp få opprette BSU-konto på ny, dersom den økonomiske situasjonen deira betrar seg.

Ingen gode grunnar taler for at ein skal nekte BSU-spararar med økonomiske problem å nokon gong kunne spare i BSU igjen, berre fordi dei har motteke sosialhjelp. Fleire unge endar likevel opp i denne situasjonen i dag.

Dersom ein endrar vilkåra for BSU-kontoar slik at ein på eit seinare tidspunkt kan gjenoppta sparinga, kan ein danne eit betre grunnlag for at unge stiller med likare føresetnader for å kome inn på bustadmarknaden i løpet av livet.


Har du noko på hjartet? Send tips eller innlegg til tips(a)framtida.no!