Skeive meir utsette for hatkriminalitet – auke dei seinare åra

LHBT+-personar er langt meir utsette for hatkriminalitet enn heterofile, og talet på meldingar er tredobla det siste tiåret.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2012 var det 34 meldingar om hatkriminalitet der motivet var knytt til seksuell orientering. I 2019 var det meir enn tre gonger så mange meldingar – 122 – medan det var 97 melde saker i fjor, skriv Klassekampen, basert på tal frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).

– Det har vore ein jamn auke i meldingar av hatkriminalitet knytt til seksuell orientering dei seinare åra, seier avdelingsdirektør Anne Bjørshol i Bufdir.

Ho seier søkjelyset til politiet på hatkriminalitet dei siste åra kan ha bidrege til å senke terskelen for meldingar. Samtidig er det mykje som tyder på at hatkriminalitet er langt meir utbreidd enn statistikken gir inntrykk av, seier ho.

Éin av fire transpersonar har opplevd truslar om vald

Ei undersøking publisert i januar viste at éin av fire transpersonar har opplevd truslar om vald.

14 prosent bifile og 15 prosent homofile og lesbiske svarte at dei hadde opplevd hatkriminalitet, medan delen berre var 3 prosent blant heterofile.

Tala var ein del av Nasjonal tryggleiksundersøking, som var utført av Nova ved Oslomet, på oppdrag frå Justisdepartementet.


Foto frå høgre til venstre: Fotograf ukjent/ SKA/A-0009 LLH Bergen og Hordaland/Skeivt arkiv , Bjørn Sigurdsøn NTB / NTB, Morten F. Holm / NTB / NTB, Audun Braastad / NTB