Sondre Justad syng i sørgegudstenesta
Søndag klokka 11 sender NRK1 sørgegudstenesta frå Oslo domkyrkje.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Klokka 11.00 søndag vert det arrangert sørgegudsteneste i Oslo domkyrkje i samband med masseskytinga i Oslo natt til laurdag.
På Facebook-arrangementet skriv Oslo domkirke at gudstenesta vil bere preg av terrorangrepet med forbøn for alle som er råka, pårørande, skadde og alle skeive som lever i frykt.
Kronprinsen må bli heime
H.K.H Kronprins Håkon og kronprinsesse Mette-Marit skulle eigentleg delta, men sidan kronprinsen nyleg fekk påvist corona, må han avstå, melder VG.
Statsminister Jonas Gahr Støre, stortingspresident Masud Gharahkhani og leiar i Fri Inge Alexander Gjestvang skal tala.
Musikar Sondre Justad og songarar frå Oslo Domkor skal synga.
Dei som vil delta i gudstenesta bør vere til stade klokka 10.00, men det vert òg høve til å følgja hendinga på NRK1 frå klokka 11.

Oslo domkyrkje held sørgegudsteneste søndag kl 11.00. Foto: Oslo domkyrkje
Kyrkjerådsleiar: – Me står saman
På Facebook-arrangementet uttalar preses Olav Fykse Tveit, som leiar gudstenesta at kyrkja fordømmer det grusomme terrorangrepet som råka natt til laurdag.
– Oslo er i sorg og heile landet er prega av angrepet som særleg råka skeive som var samla for å feire Pride, seier preses Olav Fykse Tveit i arrangementsteksta.
Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum understrekar at hendinga rystar heile samfunnet.
– Me står saman med alle som er i sorg, dei som er skadde, deira pårørande og alle som no er redde for å vere den dei er. Dei av oss som er skeive må få oppleve støtte og solidaritet frå oss alle, seier ho på Facebook.
Les også: Helene (23) meinte at skeive ikkje hadde nokon plass i kyrkja. Så innsåg ho at ho var skeiv sjølv

Helene Lunder Eriksen jobbar i Paulus kyrkje på Grünerlokka, og studerer teologi på Universitetet i Oslo. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg