Arrangerer Pride-markering i Minecraft: – Feiring av kjærleik og mangfald
– Tidlegare har vi sett kor viktig ein digital arena kan vere, skriv arrangørane av den digitale Pride-feiringa.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter masseskytinga mot fleire utestader i Oslo, der fleire var samla for å feire Pride, vart alle offisielle Pride-arrangement i hovudstaden avlyst.
No har Minecraft-entusiast Tarjei Mo Batalden (23) og kameratane bak Minecraft-serveren Skogliv kasta seg rundt for å arrangera digital Pride-markering søndag.
Andre digitale Pride-markering
– Paradane går i Minecraft i heile dag, og klokka 14 samlast vi til dagens største feiring av kjærleik og mangfald. Vi tek oppmodinga frå Oslo Pride om å feire i heile landet, og håpar mange vil vere med å vise si støtte til Fri og Oslo Pride i dag, seier Tarjei Mo Batalden i ei pressemelding.

Bak Minecraft-samfunnet Skogliv står (f.v) Tarjei Mo Batalden (23), Tobias Laundal (23) og Erlend Pilø (26) frå Oslo og Bærum. Også i 2021 arrangerte dei digital Pride-feiring. Alle foto: Skogliv
Skogliv er Noregs største Minecraft server og har tidlegare arrangert digitale 17. mai-tog og Pride markering under koronapandemien.
Denne våren lanserte dei i samarbeid med Sex & Politikk eit læringsopplegg om den såkalla homoparagrafen som vart avskaffa for 50 år sidan i år, og vegen til Pride.

Skogliv har vore med å utvikla undervisningsopplegget Vegen til Pride, saman med Sex & Politikk. Foto: Skogliv
Viktig digital markering
No har Minecraft-samfunnet Skogliv med hjelp frå Microsoft Norge kasta seg rundt og pynta hovudstaden til Pride-markering, også digitalt. Her kan deltakarane feire Pride med flagg og emojiar.
– Tidlegare har vi sett kor viktig ein digital arena kan vere, både for dei som bur stader det ikkje vert arrangert Pride-paradar, men også dei som ikkje tør eller ønskjer å gå i fysiske paradar, skriv arrangørane i pressemeldinga.