Tyskland let transpersonar velje om dei vil spele på herre- eller damelag

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan fleire internasjonale idrettsforbund forbyr transkvinner frå å delta i kvinneidretten, gjer det tyske fotballforbundet det motsette.

DFB vil la transpersonar og spelarar som er intersex eller ikkje-binære velje sjølv om dei skal spele på herrelag eller kvinnelag. 

Dei nye reglane trer i kraft frå komande sesong. Det melder fotballforbundet i ei pressemelding.

Saka har vore omtalt av fleire internasjonale medium.

– Alle bør ha retten til å spele fotball

Tidlegare har det vore kjønnet i ID-papir som avgjer kva lag ein spelar på, men sidan 2018 har ein i Tyskland òg hatt ein tredje kjønnskategori.

DFB peikar på at også fotballspelarar kan falle inn under den tredje kjønnskategorien, og difor er det viktig å ha tydelege retningslinjer. Alle bør ha retten til å spele fotball, skriv forbundet.

– Fotball står for mangfald, ein verdi som DFB også fremjar. Denne nye forskrifta om spelerettar vil danne eit viktig grunnlag for å la spelarar med ulike kjønnsidentitetar spele fotball, seier Thomas Hitzlsperger, mangfaldsambassadør i DFB, i pressemeldinga.

Det tyske fotballforbundet peikar på at lokalforbundet i Berlin først introduserte desse endringane i 2019, og at erfaringane derfrå syner at det ikkje går på kostnad av integriteten i konkurransen.

– Alle personar har ulike fysiske styrkar og ferdigheiter, noko som fører til at lag har suksess, uavhengig av kjønn, skriv forbundet.


– På ein måte var målet med meiningsinnlegget og artiklane at personar i kajakkmiljøet skulle bry seg, og skulle gidde å legge ned arbeidet som krevst for å vere inkluderande på ekte. Men det har ikkje hendt. Det er ganske trist.
Foto: Justine Salvaro