Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det mest utrulege som har hendt meg på jobb var nok å få telefon om at ei bombe hadde gått av i regjeringskvartalet, og at eg skulle komme meg på jobb for å leie den kriminaltekniske etterforskinga/undersøkinga der.

Eva Birkefeldt Ragde er kriminalteknikar og politioverbetjent. Ein dag på jobb er aldri lik den førre.

– Når eg kjem på jobb så er det hendingane i kriminalitetsbiletet som bestemmer korleis dagen blir sjåande ut. Eg kan til dømes vere på kontoret, ute på ein åstad, i eit undersøkingsrom og undersøke gjenstandar eller liknande.

Ei misoppfatning mange har om yrket hennar, er at ein kriminalteknikar jobbar på kontor og ikkje er ordentleg politi.

– Vi er politi og vi jobbar lite på kontor, slår Ragde fast.

Meiningsfylt jobb

Eva B. Ragde er ein av Noregs mest kjente og fremste kriminalteknikarar. Du kjenner ho kanskje frå serien «Eva bak sperringene» eller har lese om korleis ho jobbar i boka På åstedet – Jakten på bevisene. Ho er òg systera til krimforfattar Anne B. Ragde.

I denne boka fortel Eva B. Ragde om saker ho har jobba med. Omslag: Aschehoug

Eva B. Ragde byrja som kriminalteknikar i 1992, som den første kvinnelege krimteknikaren i Noreg.

Ho er utdanna ved Politihøgskolen, og har etter det teke ei rekkje spesialkurs og -utdanningar. Trønderen forklarar at ein må ha ei 18 månader lang opplæring følgt av skriftleg og munnleg eksamen før ein kan kalle seg kriminalteknikar.

Ho ville bli kriminalteknikar fordi ho likar å jobbe med faktabaserte oppgåver.

– Før dette har eg jobba ute som ordenspoliti og som vanleg etterforskar. Eg valte å bli politi fordi eg synest det er eit veldig spanande yrke, det er aldri dei same arbeidsoppgåvene to dagar på rad og du veit aldri kva som skjer på jobb.

– I tillegg så likar eg å jobbe med noko som er meiningsfylt.

Stort ansvar

Det beste med jobben synest Eva B. Ragde er å klare å finne løysingar som gir folk dei svara dei treng.

– Det mest utfordrande er nok ansvaret som følgjer med jobben – sidan den jobben eg gjer kan vere med på å ta frå menneske fridomen ved at dei må sone ei fengselsstraff, og dei konsekvensane det kan få i livet deira elles.

Ragde drøymer om at ein klarar å ha ein god tillit mellom folk og politi.

– Og at folk skal vere trygge på at det vi gjer – det gjer vi fordi vi ønsker det beste for alle.

Eva B. Ragde og Gaute Agdestein Steffensen, her i serien «Eva bak sperringene». Foto: Discovery +

Fakta, ansvar og stødig psyke

Ragde synest utdanninga til ei viss grad har førebudd ho til yrket, men understrekar at erfaring òg tel.

Krimteknikar Eva B. Ragde har skrive bok om nokre av dei mest kjende sakene ho har jobba med. Foto: Tine Poppe/Aschehoug

– Forventingane mine blei absolutt oppfylt og vel så det – sidan eg no har jobba med dette i 30 år.

Yrket passar for folk som er opptatt av fakta, som likar å ta ansvar og som er ganske stødige psykisk.

Skal ein jobbe som kriminalteknikar, kan det vere greitt å vere open for ein uføreseieleg kvardag, og å kunne improvisere litt.

– Til dei som har lyst å drive med dette er det berre å følgje med på det som skjer i samfunnet, klare å ta leiinga i ein flokk, ikkje vere så redd for å snakke framføre mange andre, vere ærleg og tydeleg og like å jobbe med menneske, rår kriminalteknikaren.


Eirik Nå Aga er siderbonde i Hardanger. Foto: Øystein Grutle Haara

Fakta

Namn: Eva Birkefeldt Ragde

Alder: 59

Frå: Trondheim

Yrke: Krimteknikar/politibetjent

Utdanning: Politihøgskolen