Marte Husabø
Publisert
Oppdatert 31.05.2023 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein versjon av saka stod først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om at Kylian Mbappé er gudfar til pandababyar og om kva ein kreftforskar gjer

Då leirskredet i Gjerdrum inntrefte for nesten eitt år sidan, var politihundane viktige for å søka etter overlevande i ruinane. Saman med førarane sine vart patruljehundar heiste ned i rasområdet, noko som kravde at både hund og førar var trygg og stødig.

– Det å verta politihund, er eit nålauge. Det er mykje som krevst, seier politibetjent Marie Sandberg til Framtida Junior.

Ho er føraren til sju månadar gamle Loke, ein belgisk fårehund av typen malinois, og politiets nyaste rekrutt. Om halvtanna år vert det hans jobb å bistå i søk etter sakna menneske.

– Loke er ein veldig artig fyr. Han er ein eksplosjon av glede og kjærleik mot folk, han synest alt er moro og stas. Han er snill og handterbar, tillitsfull og lojal. Og så er han kjapp – lynkjapp, fortel Sandberg.

MÅ FÅ OPPLEVA OG UTFORSKA: Det er viktig at ein hund som veks opp for å bli politihund, får vera med på alt. – Skog, by, land, vatn og alt ein kan finna av miljø må opplevast og utforskast, seier Marie Sandberg. Foto: Privat

Må reagere rett på ein trussel

For å verta hundeførar i politiet, lyt du først vera tilsett i politi- og lensmannsetaten og så ta ei vidareutdanning. Men det er òg strenge krav for kva hundar som kan ta til i yrket.

Politibetjent Sandberg fortel at hundane vert rekrutterte frå profesjonelle oppdrettarar når dei er åtte veker gamle. Det er viktig at hundane er glade i folk, og at dei ikkje er redde for menneske eller plassar.

– Dei må ha lyst til å søka etter noko, om det så er menneske eller ting. Dei må takla forskjellige typar miljø og reagera rett på ein trussel. Og så må dei vera stabile og trygge – og det er Loke, seier ho.

– Eg snik inn nokre øvingar som Loke nesten ikkje merkar. Han berre leikar og har det gøy, og plutseleg forstår han at det er noko han kan gjera som vil utløysa endå meir leik, seier politibetjent og hundeførar Marie Sandberg. Eit døme er å setja seg på plass.

Gjennom heile oppveksten øvar hundane på det dei lyt kunna, men alt tek utgangspunkt i leik.

Når Loke er ferdigutdanna, kjem han til å vera patruljehund i Oslo politidistrikt og hjelpa til med å finna att personar som er sakna, eller bevisgjenstandar med menneskelukt.

– Dei kan òg verta brukte som maktmiddel om det er tvingande nødvendig, og kan då verta sende etter folk som spring. Då pågrip hunden tjuven.

Deler ut nuss i hytt og gevær

Marie Sandberg skildrar Loke som ein sosialminister av ein hund med ei urokkeleg tru på seg sjølv. I tillegg elskar han kos og å få litt massasje på brystet og på låra!

– Elles deler han ut nuss, og det skal helst nussast midt i ansiktet. Me jobbar med å halda alle fire beina på bakken når me helsar på andre, men det er veldig freistande å hoppa og spretta i rein fryd, seier Marie.

Men det er ikkje berre kos i Loke sitt liv. Før han i det heile tatt kunne starta treninga for å bli politihund, måtte han gjennom den frykta mentaltesten. Den viser om hunden faktisk kan bli politi.

Likte ikkje Hufsa

– I testen måtte Loke visa at han ville leika med føraren, at han kunne søka etter ting i skogen, at han var nysgjerrig og at han torde å sjekka ut ting sjølv.

Han måtte også helsa på ein kjelke som liknar på Hufsa i Mummitrollet, noko som kan vera litt skummelt for hundane i det kjelken sakte kjem glidande mot dei:

– Då skal hunden stå imot og ikkje falla for freistinga til å flykta. Loke bjeffa litt og sa klart frå om at han ikkje likte Hufsa, men han vika aldri. Akkurat dette ønskjer me å sjå, seier Marie.

For å verta ein god politihund, lyt ein ha god søkslyst, noko som både ligg latent i mange hundar og som dei jobbar med og utviklar vidare i politihund-studiet. Foto: Privat

Nokre kan kanskje tenka at politihundar er skumle hundar. Det kan Sandberg avkrefta.

– Det dei treng, er evna til å sjå at noko er ein trussel. Og når ein står overfor ein trussel, då må ein kunna vera litt skummel, seier ho og legger til:

– Det beste er å henta fram evna til å vera skummel berre når det trengst. Det same gjeld for politifolk. Dei må òg kunna vera litt skumle, men som regel er det best å vera hyggeleg.

Fire fakta om Loke:

? Beste avkopling:

Loke likar å kopla av med eit stort tyggebein. Om natta søv han i buret sitt, som fungerer som hola hans. Visste du at hundar eigentleg er holedyr, fordi dei stammar frå ulvar? Inne i hola er det varmt, trygt og godt. Det er berre Loke der og ingen forstyrringar – derfor kan han senka skuldrene heilt og berre sova.

? Yndlingsmat:

Loke elskar mat, og et alt han kan få tak i. Men han får mest hundemat, slik at han ikkje skal få vondt i magen.

? Yndlingsleike:

Yndlingsleika til Loke er Kong. Det er ein morosam ball med snor, som han kan springa etter og som han kan ta med inn til hundeførar Sandberg. Han er kjempeglad i å halda i Kongen medan Marie dreg i tauet. Dette blir kalla for kampleik, og det er det beste Loke veit.

? Forbilde:

Loke har mange forbilde i kvardagen. På Hundetjenesten er han omgjeven av vaksne patruljehundar. Han ser på dei med stjerner i blikket og tenker at «ein dag – då er det meg».


Margrethe Oma deltok i Symesterskapet på NRK hausten 2021, men er til dagleg lege. Foto: Julia Marie Naglestad /NRK