Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus meiner oppmodingane frå pensjonsutvalet bør få det til å gå kaldt nedover ryggen på dagens unge.
Alberte Bekkhus
Alberte Bekkhus

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Torsdag 16. juni kom Pensjonsutvalet med oppmodingane sine. Det bør få det til å gå kaldt nedover ryggen på oss som er unge i dag. Generasjonen fødd på 90-talet skal først gå av med pensjon når vi er 70. Grensa for tidlegpensjon skal aukast frå dagens 62 til 65. Og generasjonane som kjem etter skal stå endå lenger i arbeid.

Grunngjevinga er at pensjon er dyrt, og at vi blir stadig eldre. Det er berre eitt problem: Med mindre du jobbar i ein godt betalt kontorjobb, er direktør eller har eit liknande yrke, er det ikkje gjennomførbart.

Eit individuelt oppsparingsprosjekt

Pensjonssystemet var lenge basert på tanken om utjamning og solidaritet: Vi skulle få det vi trong frå folketrygda, etter eit langt liv som bidragsytarar og skattebetalarar i samfunnet.

Jo lenger det er forventa at du skal leva, jo mindre får du i året

Med pensjonsreforma innført i 2011 vart dette endra: Pensjon er no i større grad eit individuelt oppsparingsprosjekt. Jo meir du tener og jo lenger du kan stå i arbeid, jo betre. Kor mykje pensjonsutbetaling ein får i året, baserer seg på såkalla «levealdersjustering» – du får utbetalt basert på kor lenge det er forventa at årskullet ditt vil leva. Så jo lenger det er forventa at du skal leva, jo mindre får du i året.

Dette fungerer jo feitt om ein har ein godt betalt jobb du kan stå i lenge – det fungerer derimot veldig dårleg for alle oss andre, som enten har eller skal inn i heilt vanlege yrke.

Dagpengar eller ufør?

Er du reinhaldar, bygningsarbeidar, helsearbeidar eller står i andre yrke der kroppen til slutt seier stopp, blir du pensjonstapar. Å utvida grensa for alderspensjon vil berre forsterka dette – for oppmodingane frå pensjonsutvalet har ingen tiltak for å fanga opp slitarane i arbeidslivet. Og for å ha det nemnt: Mange av desse yrka er akkurat dei same yrka som vart hylla opp i skyene då pandemien herja som verst.

Men frykt ikkje: Dersom du er blant slitarane og ikkje kan stå i arbeidslivet til du blir noko-og-sytti, har tidlegare NHO-sjef og Pensjonsutvalsleiar Kristin Skogen Lund ei løysing for deg: Du kan gå på dagpengar eller bli ufør!  

Etter eit langt liv i arbeid, er det minste vi kan krevja ein leveleg pensjon

Det er kanskje ikkje overraskande at dette er konklusjonane frå eit utval beståande av professorar, direktørar og andre frå «fiffen» – men det er ikkje mindre alvorleg av den grunn. Etter eit langt liv i arbeid, er det minste vi kan krevja ein leveleg pensjon og at vi skal få gå av før kroppane våre går kaputt. Det kostar pengar – men det er noko det er verdt å bruka pengar på.

Set deg på bakbeina!

Arbeidsfolk i generasjonen vår blir robba – og vi kan ikkje sitja stille i båten, sjølv om NRK føreslår at generasjonen vår skal «snu seg bort og lukka auga».

Dette er eit pensjonsran som vil auka forskjellane. I staden for å akseptera at pensjonsalder og forskjell aukar, jobbar Raud Ungdom for eit solidarisk pensjonssystem, basert på folketrygda og utjamning, der alle skal ha reell moglegheit til å gå av med ein verdig pensjon før kroppen gir etter.

Uansett kva du meiner om pensjonsreforma frå 2011, bør du setja deg på bakbeina når det blir føreslått at vi skal jobba ut i 70-åra og at alternativet for slitaryrka er å bli uføre.

Vi treng eit ungt pensjonsopprør!


Har du noko viktig på hjarta? Skriv inn til: tips(a)framtida.no.


Les også: «Kampen for funksjonshemma sine rettar er vår tids viktigaste likestillingskamp!»

Leiar i Unge Sentrum, Simen Bondevik, vil løfta funksjonshemma sine rettar høgare på agendaen. Foto: Privat

LES OGSÅ

ANNONSE