Prinsesse Ingrid Alexandra fyller 21 år
Prinsesse Ingrid Alexandra har bursdag i dag og blir 21 år. Dagen blir feira i Troms.
Prinsessa er framleis i førstegongsteneste ved Skjold leir og får dermed bursdagsfeiringa der.
– Prinsesse Ingrid Aleksandra er i teneste ved Ingeniørbataljon Brigade Nord fram til ho dimitterer saman med sin 15 månader kontingent i april i år, opplyser kommunikasjonssjef Lars Ø. Strøm i Hæren til NTB.
Det betyr at prinsessa truleg startar bursdagen tidleg – med armhevingar.
– Vi pleier å markere bursdagar med at vi alle saman syng bursdagssong, og så må den som har bursdag ta pushups til bursdagssongen, fortalde ein av Ingrid Alexandras medsoldatar då NTB besøkte leiren i fjor vinter.
Skyttar på stridsvogn
Førstegongstenesta til prinsessa byrja i januar i fjor, og skulle eigentleg vare i eitt år. Men i september i fjor opplyste Forsvaret at prinsessa hadde forlengt til 15 månader. Dermed blir ho først dimittert i april, etter planen.
Prinsessa har valt å bli skyttar på stridskøyretøyet CV90 RWS STING, som er ei stormingeniørvogn i eit pansra ingeniørkompani.
– Eg har lært utruleg mykje sidan eg kom inn. Det er jo både fysisk og psykisk slitsamt, men ein lærer at ein får til det meste saman, sa prinsessa til NTB i september.
Kva prinsessa skal gjere etter militæret, er enno ikkje kjent.
– Først skal eg bli ferdig med verneplikta. Så får vi sjå, sa ho.
Kongelege aktivitetar
Sjølv om prinsessa hovudsakleg har vore oppteken med militærtenesta det siste året, har ho likevel vore med kongefamilien på fleire aktivitetar.
Seinast på Lucia-dagen før jul var ho med mora, kronprinsesse Mette-Marit, på julebesøk på sjukehuset i Drammen, der dei møtte fleire sjuke barn.
Same veke deltok ho på julelunsj med heile regjeringa på Slottet.
Prinsessa var også med då tanta, prinsesse Märtha Louise, gifta seg med Durek Verrett i Geiranger i slutten av august.
Som vanleg stilte ho også på slottsbalkongen på 17. mai, då ikledd paradeuniform frå militæret.
Likar sport og friluftsliv
Prinsesse Ingrid Alexandra vart fødd på Rikshospitalet i Oslo 21. januar 2004.
Ho er nummer to i arverekkja til trona i Noreg, etter far sin, kronprins Haakon.
Ho var ferdig på vidaregåande i 2023.
– Prinsessa er aktiv og likar sport og friluftsliv. Ho deler gleda over ski- og vassport med resten av kronprinsfamilien, heiter det i den offisielle biografien til prinsessa på nettsidene til Kongehuset.