Desse skal opptre i Ingrid Alexandra sin 18-årsdag

Prinsesse Ingrid Alexandra skal feirast på ein festmiddag med kulturelle innslag på Deichman bibliotek torsdag 16. juni. Det er 18-årsgåva frå regjeringa.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Feiringa av prinsessas myndigheitsdag 21. januar vart utsett på grunn av pandemien.

Statsminister Jonas Gahr Støre Foto: NTB Kommunikasjon/Statsministerens kontor

– Endeleg skal vi feire prinsessas myndigheitsdag. Vi feirar samtidig ein viktig milepæl i norsk historie, sidan prinsesse Ingrid Alexandra er vår første kvinnelege tronarving. Eg er glad for å ønskje gjester frå heile landet velkommen, seier statsminister Jonas Gahr Støre.

Feiringa går føre seg på Deichman bibliotek i Bjørvika i Oslo.

202 bursdagsgjester

Regjeringa er vert for middagen. Stortinget og Høgsterett er også representert. Det kjem gjester frå alle samfunnsområde med ulike interesser og livssyn, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Det er lagt vekt på å invitere unge representantar frå idrett, kulturliv, samfunnsliv, politikk og organisasjonsliv. 202 menneske deltek.

– Dette er menneske som skal bidra til å skape det landa prinsessa skal vere med på å leie inn i framtida. Dei dannar eit tverrsnitt av dagens Noreg, og ein del av gåva til prinsessa er at ho får feire saman med dei, seier Støre

Artistar og kunstnarar som bidreg på festmiddagen, er skodespelar Ina Svenningdal, artisten Delara, Det Norske Jentekor, artisten Eva Weel Skram, forfattar Lars Saabye Christensen, vandreteateret på Akershus og artisten Hkeem.


Les også: 18 ting du kanskje ikkje visste om prinsesse Ingrid Alexandra (18)

Prinsesse Ingrid Alexandra på sitt kontor på Slottet. Foto: Ida Bjørvik, Det kongelege hoff