Carlo Acutis (15) blir første milleniumshelgenen

Den katolske kyrkja har starta prosessen med å gjere tenåringen til helgen.

Synne Ulltang
Publisert

Saka var først publisert i Framtida Junior,  systeravisa til Framtida.no.

Carlo Acutis var født i 1991 og døydde av blodkreft i 2006. Då var han 15 år gammal.

Torsdag denne veka bestemte pave Francis at tenåringen kan bli gjort til helgen i den katolske kyrkja, skriv The Guardian.

Ein helgen er ein person som blir sett på som eit religiøst forbilde og som katolikkane meiner har ekstra nær kontakt med Gud.

I katolsk tru kan ein be til folk som er døde om at ein sjuk person blir frisk. Viss den sjuke personen blir frisk, meiner katolikkar at det er eit mirakel. For å bli helgen må to mirakel knytast til ein død person som ein har bedt til.

Den katolske kyrkja har ei eiga gruppe som undersøker om mirakla som folk melder inn er gyldige. No har dei godkjent to mirakel som er knytte til Carlo Acutis.

Tenåringen blir dermed den første helgenen frå milleniumsgenerasjonen i den katolske kyrkja. 

Milleniumsgenerasjonen er dei som er fødde frå 1981 til 1996.