Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 14.06.2023 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jødane er ein av fem nasjonale minoritetar i Noreg. Kor godt kjenner du til den jødiske kulturen?

Talia Dubowski (22) fortel at hennar favorittheilagdag er pesach.

– Det er den heilagdagen som ofte skjer rundt påsketider. Då feirar vi utgangen av Egypt, fortel ho.

Dana Odinsen Golan (21) trekker fram to andre favorittar: rosh hashana, som er jødisk nyttår, og jom kippur.

Lurar du på kva det er? Fortvil ikkje – her får du forklaringa på nokre sentrale ord, ritar og heilagdagar i jødedommen.

Synagogen i Oslo. Foto: ZWGallery – Eige verk, CC BY 3.0, Wikimedia Commons

Synagoge

Synagogen er jødane sitt gudshus. I synagogen møtest jødane til bøn, studium og felles gudstenester. Ordet tyder «forsamling».

I Noreg har vi i dag to synagoger. Synagogen på St. Hanshaugen i Oslo feira i 2020 100 år. I tillegg finn vi ein synagoge i Trondheim.

Rabbinar

Ein rabbinar er ein jøde som er utdanna til å tolke dei jødiske skriftene og som skal passe på at dei religiøse lovene blir følgde.

Rabbinaren leier seremoniar i synagogen og har ansvar for undervisinga der.

Det Mosaiske Trossamfund

Det offisielle namnet på den jødiske meinigheita i Oslo er Det Mosaiske Trossamfund. Det blei etablert i 1892 og er den største jødiske institusjonen i Noreg.

Toraen

Den mest heilage teksten i jødedommen er toraen, eller dei fem Mosebøkene. Ifølgje jødisk tradisjon fekk Moses dei fem Mosebøkene av Gud på Sinai-fjellet. Jødedommen fortel at Mosebøkene er skrivne av Moses, som der gjev att Gud sine ord.

Tora tyder «lære» på hebraisk. Toraen er den skriftlege læra i jødedommen.

Side frå Toraen. Av Samuel ben Abraham ibn Nathan og Josef Asarfati (ca. 1299).
Lisens: Falle i det fri (Public domain) via SNL

Tanakh

Toraen er den første delen av Tanakh, den jødiske bibelen. Tanakh har tre hovuddelar: Toraen, Profetane og Skriftene.

Tanakh er også kjent som «Det gamle testamentet» i Bibelen.

Talmud

Den munnlege læra i jødedommen er Talmud. Det er ei munnleg forklaring til lovene og reglane i Mosebøkene. Talmud handlar om både lover, høgtider og moralske spørsmål.

Sidan Talmud er den munnlege lova, er ho i kontinuerleg utvikling.

Hebraisk

Hebraisk er eit semittisk språk som har vore nytta i rundt 3000 år. Både den hebraiske bibelen og mange av dei seinare skriftene i jødedommen er skrivne på hebraisk. Hebraisk blir i dag nytta i jødiske gudstenester over heile verda.

Hebraisk er òg eit heilagt språk for kristne, då Det gamle testamentet er på hebraisk.

I staten Israel er hebraisk, ved sidan av arabisk, offisielt språk.

Sabbat

I jødisk tradisjon er sabbaten ein kviledag og ein dag for gudsteneste. Det er den viktigaste heilagdagen i jødedommen. Sabbaten varar frå solnedgang fredag til tre stjerner er synlege laurdag kveld.

Denne dagen skal ein ikkje jobbe eller skape, men fokusere på Gud, venar og familie.

Pesach

Pesach blir ofte kalla jødisk påske, men tradisjonen har eksistert før kristendommen blei til. Festen byrjar i mars-april månad.

Pesach blir feira for å minnast korleis Moses sikra jødane sin utgang frå Egypt, og markerer forteljinga i andre Mosebok, der israelittane blei frigjorde frå egyptisk slaveri.

Ordet tyder «å gå forbi» og viser til at Gud gjekk forbi husa til israelittane då dei førstefødde til egyptarane blei drepne.

Rosh hashana

Rosh hashana markerer det jødiske nyttåret. Det byrjar i september-oktober, og varar i to dagar. Feiringa markerer starten på eit nytt kalenderår. Festen startar ei ti dagar lang botstid som sluttar med jom kippur, forsoningsdagen.

Jom kippur

Jom Kippur blir òg kalla botsdagen eller forsoningsdagen. Under jom kippur ber ein i synagogen og fastar frå solnedgang til solnedgang.

Jom kippur symboliserer den siste moglegheita til å få tilgjeving frå Gud for gjerningar som er gjort i året som gjekk.

Under jom kippur fastar jødane i 25 timar. I tillegg skal ein ikkje bruke lærsko, kremar, ha sex eller vaske seg.

Forsoningsdagen finn stad i september/oktober.

Hanukka

Hanukka er ei jødisk høgtid som blir feira over åtte dagar. Det er ein lysfest til minne om at tempelet i Jerusalem blei innvia på nytt i år 164 f vt.

Jødane skulle innvie tempelet på nytt etter at det hadde blitt vanheilaga av den hellenistiske kongen. I tempelet hadde det brunne ein «evig flamme», og då jødane tok tilbake tempelet ville dei tenne den sjuarma lysestaken, menoraen, som skulle brenne dag og natt. Dei trong åtte dagar for å framstille ny, innvia olje, men det var berre lampeolje att til éin dag. Men, då lysa blei tent, lét Gud dei brenne i åtte dagar. Dette minnest jødane ved å tenne lys i den åttearma lysestaken under hanukka.

Feiringa fell gjerne til slutten av november eller desember.

Davidstjerna

Davidsstjerna er eit gamalt symbol som har blitt brukt i fleire kulturar. Det er ei stjerne med seks taggar som er danna av to triangel. Davidstjerna er i dag det mest kjende symbolet for jødedommen.

Det var først på 1800-talet at davidsstjerna blei oppfatta som eit spesifikt jødisk symbol. Under den andre verdskrigen kravde nazistane at jødane skulle bere ei gul davidsstjerne på kleda. Davidsstjerna blei i 1948 brukt i staten Israel sitt flagg.

I dag ber mange jødar eit smykke rundt halsen med davidsstjerna for å markere sin jødiske identitet.

Kosher

Kosher er mat som er godkjent etter dei jødiske etereglane. Ordet kosher er hebraisk for «høveleg», og skildrar maten som ein jøde har lov til å ete.

Ifølgje kosher-reglane er det forbode å koke kosher-kjøt med kosher-mjølk, det er forbode å ete mjøl og kjøt saman og det er forbode å dra nytte av mjølk og kjøt som er kokt saman.

Her kan du lese meir om kva som er kosher!

Kippa

Kippa er kalotten, eller hatten om ein vil, mange jødiske menn ber på hovudet. Ein har på kalotten for å vise ærbødigheit til Gud. Kippaen blir spesielt brukt i synagogen, men mange tradisjonelle jødar går med kippa heile tida.

Kvinner brukar tradisjonelt ikkje kippa, men nokre meir liberale jødiske kvinner har byrja å bruke det.

Kippaen kan sjå ut på mange måtar. Jødedommen.no fortel at barn og unge gjerne har kippa med populære figurar frå TV på, som Star Wars-motiv, og at forstandaren i Det Mosaiske Trossamfund i Oslo er fan av Sogndal Fotball og difor har ein kippa hekla med Sogndal FC-motiv! Foto: Joey Dean / Unsplash

Bar og bat mitsva

Bar Mitsva og Bat mitsva tyder «plikta sin son og dotter». Ei jente blir bat mitsva når ho fyller 12 år, medan ein gut blir bar mitsva når han fyller 13 år. Dei tek då på seg dei religiøse pliktene til ein vaksen, og er pliktige til å følgje religiøse reglar.

Det er òg ein seremoni i synagogen.

Kjelder: jødedommen.no / Store Norske Leksikon


Illustrasjonsfoto: Simon Infanger/Unsplash