Det å snakke i søvne kan vere relatert til medikamentbruk, stress og lite søvn, ifølgje søvnforskar.
Nynorsk Pressekontor

– Vi ser at det å snakke i søvne ofte går i arv og assosierast med djup søvn, seier Bjørn Bjorvatn, søvnforskar og professor ved Universitetet i Bergen, til NRK.

– Viss ein har underskot av søvn, så får ein meir av den djupe søvnen, og det er ofte i den fasen snakking skjer. Viss du vil prate mindre, så må du få nok søvn, seier han.

Bjorvatn peikar på at det å snakke i søvne kan vere relatert til både medikamentbruk, stress og lite søvn.

I ein befolkningsstudie frå 2010 kom det fram at 67 prosent av oss har snakka i søvne ein eller annan gong.


Les også: Korona påverka søvnen vår – og gjenopninga kan by på utfordringar

Koronatida har påverka søvnen vår, viser forsking. Foto: Ben Blennerhassett, Unsplash
Oppdatert: tysdag 7. juni 2022 10.48

LES OGSÅ

ANNONSE