Eldgamal bæsj viser kva menneska som truleg bygde Stonehenge likte å eta

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stonehenge sluttar aldri å fascinera oss menneske. Sirklane som er sett saman av fleire massive steinar, er blitt diskutert opp og ned. Kvifor vart dei bygd? Og kva er faktisk meininga bak dei?

No har forskarane derimot funne fram til anna spennande informasjon om dei som truleg bygde Stonehenge. Dei har nemleg funne ut kva dei likte å eta, skriv CNN.

Forskinga bak studien, vart nyleg publisert i tidsskriftet Parasitology.

Åt indre organ

Forskarane har leita seg fram til eldgamal bæsj frå ei forhistorisk busetning kalla Durrington Walls, som låg i nærleiken av Stonehenge. Bæsjen viser at forhistoriske menneske ikkje var like kresen som oss.

Totalt fem eksemplar av fossilisert ekskrement frå både menneske og hundar er blitt nøye undersøkt.

Dei inneheldt egg som stamma frå parasittar, som viser at både menneske og hundar åt ein del indre organ. Mellom anna kunne forskarane fastslå at ein av personane hadde ete rå eller underkokt lever.

Dei indre organa stamma frå både storfe og frå gris.

Ein stad for store festar

Totalt har forskarane greve opp massevis av restar etter keramikk og 38.000 beinrestar i området. Den forhistoriske byen har truleg vore ein stad der dei har hatt store festar.

– Dette fortel oss noko nytt om menneska som kom hit under bygginga av Stonehenge. Dei tilberedte kjøt frå svin og storfe i leirgryter, og det viser seg at kjøtet ikkje alltid var heilt gjennomsteikt, seier medforfatter av studien Mike Parker Pearson.

Han er professor ved University College Londons Institute of Archaeology og leiar av forskingsprosjektet The Stones of Stonehenge.


Illustrasjon: Colourbox