Finsk bryggeri lanserer NATO-øl med «ein smak av tryggleik»

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag leverte Finland sin offisielle søknad om NATO-medlemskap.

No har eit lite bryggeri i Finland lansert eit øl med NATO-tema.

Det melder nyheitsbyrået The Associated Press.

 «Ein smak av tryggleik, med eit hint av fridom»

Det er bryggeriet Olaf Brewing frå den finske byen Savonlinna som står bak det nye ølet OTAN. Byen ligg nært den russiske grensa.

Petteri Vanttinen, administrerande direktør i bryggeriet, fortel AP News at dei bestemte seg å lage ølet førre veke, då dei var uroa over krigen i Ukraina og konsekvensane for Finland.

Han skildra ølet som å ha «ein smak av tryggleik, med eit hint av fridom».

Namnet OTAN har fleire tydingar, det er det franske akronymet for NATO og spelar i tillegg på det finske uttrykket «Otan olutta». Uttrykket tyder «Eg tek ein øl».


Les også: For første gong har forskarar dyrka plantar i månejord

Ein av plantane som har vorte dyrka i studien vert flytta til ein behaldar for genetisk analyse. Foto: Tyler Jones for UF/IFAS