Regjeringa vil gi brillestøtte til alle under 18 år

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ei ordning der alle barn frå 0–18, som har eit dokumentert behov for briller, får støtte, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) til Aftenposten.

Unntaket er barn som treng lesebriller, ifølgje Persen, som seier at ordninga vil gi ny støtte til mange av familiane som mista støtte i 2020.

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) vil gi brillestøtte til alle under 18 år som har behov for det. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK

– I tillegg vil mange fleire barn få rett på brillestøtte enn før, seier ho.

Lågaste sats i ordninga er 900 kroner medan høgaste er 3.975 kroner. Oppfyller ein krava, kan ein søkje om støtte hos Nav.

Forslaget blir no sendt ut på høyring med frist til 10. juni. Regjeringa håpar at den nye støtteordninga kan tre i kraft frå 1. august.


Anne Beathe Tvinnereim (Sp) under ein digital skuletime i samarbeid med FN og SNU. Foto: Ingvild Eide Leirfall