Undersøking: Sosiale medium er ikkje berre tidsfordriv for unge

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I undersøkinga har Folkehelseinstituttet (FHI) spurt 3.700 elevar i vidaregåande skule om sosiale medium og online gaming.

Jens Christoffer Skogen er seniorforskar hjå Folkehelseinstituttet. Foto: FHI

– Elevane svarer at sosiale medium er ein viktig sosial arena for ungdom, ikkje berre tidsdriv, seier Jens Christoffer Skogen, forskar ved Folkehelseinstituttet.

Rapporten viser at sosiale medium ser ut til å vere viktigast for jenter, medan online gaming er viktigast for gutar.

Opplever meir stress og press

Jentene svarer at dei kommuniserer meir med andre og at dei får meir positiv merksemd i sosiale medium enn gutane.

Dei er meir opptekne av korleis dei verkar i sosiale medium, men opplever også meir stress, press og forventningar relatert til bruk av sosiale medium.

I tillegg kjem det fram at jentene legg meir vekt på responsen dei får i sosiale medium enn gutane.

Undersøkinga viser også at det er langt fleire gutar enn jenter som driv med online gaming. Her svarer gutane at dei gjennom online gaming kjenner seg som ein del av eit fellesskap, og at dei har fått nære venner gjennom gaming.

«Må» kommentere

Undersøkinga viser også at langt fleire jenter enn gutar bruker sosiale medium for å halde kontakt med venner gjennom dagen.

Jentene kjenner i større grad at dei «må» kommentere på det venner legg ut, og at dei minst nokre gonger får negative konsekvensar dersom dei ikkje gjer det.

FHI-forskar Skogen seier foreldre gjerne kan involvere seg meir i det sosiale livet til barn og unge i sosiale medium og online gaming.

– Særleg fordi dette er viktige sosiale arenaer for dei. Spør barna korleis det var i sosiale medium i dag, og kva dei opplevde der. Snakk med barna om dette frå første augneblink dei får tilgang til sosiale medium og online gaming. Byrjar ein tidleg er det enklare å etablere gode vanar om kommunikasjon rundt dette, seier forskaren.


Frå venstre: Erik Skar (16), Oliver Mjøen (16) og Kaspar Seip (18). Foto: Wiggo Sunde