Linn Isabel Eielsen er frå Haugesund, noko som gjer ho ute av stand til å levere semesteroppgåva si tidsnok.

Linn Isabel Eielsen
Publisert
Oppdatert 22.11.2022 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ingen spørsmål!

Kjære Universitetet i Oslo.

Haugesund er ikkje kjend for så mykje. Vi har sild. Vi har også ein statue av Marilyn Monroe, fordi faren hennar kanskje, mogelegvis, var halvt norsk og hadde røter i byen. Eg vil ikkje snakke ned byen min, for eg elskar Haugesund – eg prøver berre å plassere oss på kartet.

Den neste tingen Haugesund er kjend for er at det alltid er dårleg vêr. Det vert sagt at Haugesund/Karmøy har den høgaste gjennomsnittstemperaturen i heile landet, med 7 grader på julaftan og 7 grader på 17. mai.

I Haugesund blir vi fødde med sydvest på hovudet, og får dagslyslampe til konfirmasjonen. 

Sol er så mangelvare at vi fekk utetime på skulen dersom det var sol. På vidaregåande gjekk eg til fastlegen og blei fortald at eg hadde helsetruande D-vitaminmangel.

Ein av dei mest spelte songane på Radio102 ifjor var «Høst heila året» av Rossmann. Det er nemleg det det er. Haust heile året. Ikkje den fine Austlands-hausten, men grått og vått.

Bergen er kjend for å ha mykje regn, men Haugesund har akkurat det same regnet – pluss vind.

Eg køddar ikkje: Då eg gjekk på ungdomsskulen plukka ein halvvegstornado med seg balkongen vår og flaug av garde med han. Uansett kva for klede du har, så finst det faktisk dårleg vêr i Haugesund.

No lurar du sikkert på kor eg vil med all denne informasjonen. Skal ho berre klage? Skal ho snakke drit om austlendingar som tar heimekontor fordi dei kan sjå i vindauget at trea har små rørsler? Det er kanskje det eg burde gjort, men eg vil heller forklare dei kvifor eg, haugesundaren i Oslo, ikkje får skrive semesteroppgåva mi.

Det har nemleg vore sol, og eg slit med vestlandshjerne. 

På Vestlandet kan ein vakne på ein laurdag, eller midt i ein ferie, klokka halv 5 på morgonen av at mora di står over deg og seier «Du skal vel ikkje sove bort finvêret?» Det er sol, og då skal ein ut.

No som eg bur i Oslo, kjenner eg altså på ein konstant trong til å gå ut.

For ei veke sidan sat eg på førelesingssalen med to Oslo-venar frå studiet. Plutseleg blei det sol, og hjernen min klikka. Dei skjønte ingenting då eg begynte å pakke sakene mine, for å gå ut. For dei er sol kvardagskost. For meg er det ein femretters middag på Ekeberg-restauranten.

Eg er ikkje i stand til å vere effektiv dersom det er sol. Eg må ut. Er det dette dei kaller tvangstankar? Eller er det berre mor mi si internaliserte stemme som har tatovert seg på trommehinnene mine? «Det er sol. Vi må ut. NO!»

Så kjære Universitetet i Oslo. Eg har ei semesteroppgåve som skal inn neste veke, og eg kjem ikkje til å rekke det. Det er sol. Vestlandshjernen min må ut.

Eg håpar de forstår.


Les også om studiekvardagen til Linn, og kor lite ho forstår frå pensum: Nokre av pensumartiklane vi får servert gir meg inntrykk av at forfattaren fekk ei ordbok til jul av svigermor, og kjenner på ei trong til å vise at ho har brukt ho.