Klart for fest og protest på Bygdepride landet rundt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei får full støtte frå kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap). Det er viktig at det ikkje berre er i dei store byane det blir feira Pride, seier ho.

Konseptet med å feire Pride på bygda tok av i 2018 då Bygdepride vart arrangert for første gong i Ørsta og Volda. Fleire tusen menneske stilte opp. Sidan har mange andre bygder slått følgje. Og i tida framover blir det ei rekkje nye Pride-feiringar.

Satsar stort

Bygdepride i Ørsta og Volda satsar i år større enn nokosinne, både når det gjeld talet på arrangement og lengde. I over ei veke i mai skal dei halde alt frå konsertar til regnbogemesse, parade og dragshow.

– Vi gler oss veldig, det har vore stille lenge no grunna pandemien, så vi ser fram til å kome oss ut i gatene, seier Anbjørn Frislid, Anita Irene Dahl og Rune Sæbønes, som alle sit i styret til Bygdepride.

Frå venstre: Anita Irene Dahl, Anbjørn Frislid, og Rune Sæbønes sit alle i styret i Bygdepride. Foto: Paula Jee Ullaland

Tidlegare hadde det vore forskjellige mindre arrangement andre stader i landet, men det var i Ørsta og Volda omgrepet «bygdepride» først dukka opp.

Rune Sæbønes og Anbjørn Frislid møttest våren 2017, då dei begge hadde kome ut av skapet. Etter kvart kom det fram til at Pride-feiring var noko dei gjerne kunne sett føre seg å ha på bygda.

Målet var å vise at det er skeive i lokalsamfunnet og vise at det er plass til alle på bygda.

Haldningsendringar

I 2018, nokre veker før den første paraden skulle gjennomførast, vart det publisert lesarinnlegg i lokalavisa frå frikyrkjelege miljø som fordømte homofile. Dette skapte reaksjonar og fekk stor merksemd over heile landet.

– Vi tenkjer at folk i lokalsamfunnet kanskje ikkje kjente seg igjen i dei haldningane som vart presentert, og mange reagerte sterkt. Ingen har heilt teljinga på kor mange som møtte opp på paraden, men vi trur kanskje det var mellom fire og fem tusen, seier Sæbønes.

– Første gongen vi arrangerte parade, opplevde vi å få fleire spørsmål om kva dette gjekk ut på, medan no meldar lokale aktørar seg sjølve til å bidra. Det gjer det lettare å gjennomføre, og syner ein tydeleg støtte til miljøet.

Finn di lokale Pride-markering i kartet under:

I dag har det dukka opp fleire titals arrangement kringom heile Noreg, som til dømes Pride i Sogn og Fjordane, Vinje, Ål og Longyearbyen på Svalbard.

– Vi veit ikkje kor mange lokale pridar det blir, men det er nokre titals. Somme er inspirerte av oss, andre ikkje. Det viktigaste er at det skjer, fordi det framleis er kampar som skal kjempast, seier Sæbønes.

Dahl fortel at ho har merka endringar i haldningane til folk over tid.

– Før var det slik at ein måtte flytte til byen for å bli akseptert, men det har klart blitt betre dei siste åra. Ein opplever å ikkje bli stilt like mange spørsmål ved, fortel ho.

Mange bygder er opptekne av å vere framtidsretta, og då er det vel òg viktig å vere opne for å ta i mot alle for å få tak i dei beste arbeidskreftene, utdjupar Sæbønes.

Tiltak mot fråflytting

Inge Alexander Gjestvang er leiar i FRI – Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald.

Han karakteriserer Bygdepride som eit fantastisk tiltak mot fråflytting og for tilflytting i distriktskommunane.

Leiar i FRI, Inge Alexander Gjestvang. Foto: FRI

– Pride-markeringar kringom på landsbygda og utanfor dei store byane har vore kjærkomne tilskot til Pride-familien. Det er viktig å kunne vere den ein er, og ikkje måtte rømme til storbyen for å leve eit godt liv som skeiv.

Gjestvang fortel at Pride har utvikla seg frå små markeringar med få involverte, til å bli reine folkefestar der den skeive befolkninga og støttespelar finn saman til fest og protest.

– Sjølv om uttrykket til Pride-markeringane har fått eit meir festivalaktig uttrykk, må vi ikkje gløyme at Pride er ein arena for å feire kampane som er vunne, og samlast om kampane som framleis står att, understrekar han.

– Når kommunar og aktørar på bygda heiser flagget og inviterer til Pride, sender det utruleg sterke signal om at her er alle er velkomne – uavhengig av kjønn eller seksualitet, avsluttar Gjestvang.

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) og leiar i FRI, Inge Alexander Gjestvang, heisar regnbogeflagget framfor Eidsvollsbygningen. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Oppfordrar til å markere

Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) seier det er viktig at det ikkje berre blir feira Pride i dei store byane.

– Når bygda feirar Pride, viser det ein omfamnar miljøet. Mange reiser til byane for å føle at dei kan leve fritt, men det er viktig for eit levande lokalsamfunn å vise at ein ikkje er aleine og å skape gode moglegheiter for dei som kjem etter.

Ho fortel vidare at det handlar om å vere synleg.

– Eg oppfordrar bygd og by til å markere Pride i år på ein eller anna måte. Å vise støtte kan bety mykje for dei som kanskje kvir seg for å kome ut av skapet.

21. april i år inviterte kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) veteranar frå homobevegelsen, FRI og fleire andre representantar frå dei skeive miljøene til eit møte. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK

Lokaldugnad og inkludering

Ein suksessfaktor har ifølgje Bygdepride-styret vore at det var skeive som sjølv starta initiativet.

– Det er viktig å inkludere skeive i heile prosessen om ein vil arrangere noko liknande sjølv.

Styret trekk fram at det er lurt å ikkje gape over for mykje første gongen, men at det er viktig å inkludere ein parade.

Dei nemner òg lokale krefter som ein sentral faktor.

– Det er sponsorane som har gjort at vi har tort å satse, og vi har vore heilt avhengige av og takksame for dugnadsånd i lokalmiljøet som har gjort det mogleg å gjennomføre.


Helene Lunder Eriksen jobbar i Paulus kyrkje på Grünerlokka, og studerer teologi på Universitetet i Oslo. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

Pride i Noreg

  • Pride er ei årleg feiring av dei som føler seg tilknytt lhbtq-rørsla, altså lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og andre personar som bryt med forventningar kring kjønn og identitet.
  • FRI er landets største og eldste lhbtq-organisasjon, og er ein medlems- og interesseorganisasjon som jobbar over heile landet. FRI er òg med på å arrangere Oslo Pride, som er den største Pride-markeringa i Noreg.
  • Årets kampanje er «50 år siden avkriminaliseringen». Tidlegare har tema vore til dømes skeiv historie eller familie.
  • Bygdepride vart skipa i 2017 og arrangert for første gong i 2018 i Ørsta og Volda.
  • Om du vil du finne den nærmaste Pride-markeringa, kan du sjekke nettsida norskeprider.info

Kjelder: foreningenfri.no, bygdepride.no