Spire: «Alle avlingane deira var øydelagde, og inntektskjelda vaska vekk med flaumen»

Mari Jensen Aas
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Ein av verdas største urettar er at dei som har minst skuld i klimaendringane blir hardast ramma av dei.

Samstundes som oljenasjonen Noreg planlegg å snart kanskje byrje å tenke på det grøne skiftet, lever menneske i andre land med faktiske konsekvensar av klimaendringane vi har framprovosert, slik som flaum, tørke, syklonar og skogbrann.  

I 2019 var eg på Spires solidaritetsutveksling i Malawi, og der fekk eg sjølv sjå korleis klimaendringane påverkar menneske sine liv – menneske som sjølv har bidrege lite til å forårsake dei. Syklonen Idai feia over Mozambique, Zimbabwe og sørlege delar av Malawi då eg budde der, og gjorde store skadar på bygg, natur, og menneske sine livsgrunnlag. Eg såg to eldre kvinner som sat ute på ein åker. Alle avlingane deira var øydelagde, og inntektskjelda vaska vekk med flaumen.

I Malawi er om lag to tredjedelar av befolkinga direkte knytta til, og avhengige av, landbruket. Då seier det seg sjølv at dei er ekstra sårbare for klimaendringar som påverkar jordsmonnet og avlingane deira. Det er grunnleggande urettferdig at menneske som ikkje har bidrege til klimaendringane blir hardast ramma av dei. Og det er ein moralsk katastrofe at land som Noreg, vel vitande om konsekvensane, held fram med same praksis som førte til denne urettferda i utgangspunktet.

Noreg er nøydd til å ta ansvar. Vi må ut av den fossile tidsalderen, helst i går, og kutte utslepp slik at vi avgrensar den globale oppvarminga og dimed også klimaendringane.

Førre veke gjekk finansminister Trygve Slagsvold Vedum ut og sa at han framleis ynskjer høgt tempo på norsk olje- og gassutvinning. Finansministeren skuldar på at situasjonen i Europa, med krig og høge energiprisar, gjer Noreg si rolle som energinasjon endå viktigare.

Vedum går så langt som å seie at å halde fram med oljeutvinning er vårt viktigaste bidrag til stabilitet i Europa – og nemner ingenting om korleis klimaendringane forårsaka av fortsett oljeutvinning påverkar andre menneske sine liv. I ei tid prega av klimakrise og eit stadig kortare moglegheitsrom, er meir olje og gass det siste vi treng.

Noreg er nøydd til å tenke meir langsiktig enn dette. Noreg er også nøydd til å tenke på fleire kriser samstundes. I staden for å intensivere den fossile energiproduksjonen, i ei tid der vi burde gjere det motsette, kan ei satsing på fornybar energi gjere oss mindre avhengige av fossilt brensel, og dimed også meir robuste i møte med krig og konflikt – og samstundes bidra til å kjempe mot klima- og naturkrisa. 

Det er grunnleggande urettferdig at menneske som ikkje har bidrege til klimaendringane blir hardast ramma av dei.

Eg forstår at det kan opplevast meir presserande å fokusere på tiltak som bidreg til å stabilisere kriser her og no – men ved å utsetje reell klimahandling endå nokre år til gjer vi oss sjølve, og verda, ei enorm bjørneteneste. Institute for Ecomonics and Peace (IEP) rekna i 2020 at over ein milliard menneske må flykte innan 2050 på grunn av klimaendringar. Og då vil neppe «fortsatt høyt tempo» på norsk sokkel redde oss. 

Verda står i dag overfor fleire kriser. Difor må vi halde tunga rett i munnen og sikre at vårt svar til ei av krisene ikkje forverrar andre kriser. Vi har ikkje råd til å vente med klimatiltak, og i alle fall ikkje råd til å gå i motsett retning, slik Vedum foreslår. Klimakrisa er her allereie, ho rammar hardt og ho rammar urettferdig. Noreg må sjå utanfor eigne grenser og ta sin del av ansvaret! 


Kollasj av Framtida.no. Bakgrunn: Mika Baumeister/Unsplash, skjermdump av 3. delrapport frå IPPC