Dette er årets mest populære studium – størst konkurranse for tollarar og lokførarar

Flest vil studere til siviløkonom hjå NHH, men hakk i hæl følgjer rettsvitskap ved UiO og UiB.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter to år med rekordhøge søkjartal er det i år 12,4 prosent færre som har søkt seg til høgare utdanning enn i 2021.

– Årets søkjartal viser at vi er på veg tilbake til normalen. Vi ser at mange søkjer seg til utdanningar som vil gje dei gode jobbutsikter når dei er ferdige å studere, seier forsknings- og høyere utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) i ei pressemelding.

Siviløkonomar, tollarar og lokførarar

Utdanninga som fekk flest førstegangssøkarar er siviløkonomutdanninga hjå NHH, følgt av rettvitskap hjå høvesvis UiO og UiB.

Universitet og høgskular: Studia med flest søkjarar

Studienamn Lærestad Studiestad Planlagde studieplassar Søkarar førsteval
Siviløkonomutdanninga NHH Bergen 500 2 073
Rettsvitskap (jus), haust UIO Oslo 224 1 748
Rettsvitskap UIB Bergen 390 1 727
Organisasjon og leiing, Rena, deltid, nettbasert* HINN Åmot 200 1 382
Toll, vareførsel og grensekontroll UIS Stavanger 60 1 215
Arkitekt AHO Oslo 60 1 120
Industriell økonomi og teknologileiing NTNU Trondheim 162 1 075
Medisin, haust UIO Oslo 120 1 041
Leiing UIT Alta 800 970
Politiutdanning, Oslo PHS Oslo 96 910

 

Også i år er det størst konkurranse om plassane til bachelorgrada i toll, vareførsel og grensekontroll ved Universitetet i Stavanger, tett følgt av arkitektutdanninga ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.

Blant fagskuleutdanningane er det både flest søkjarar og størst konkurranse om plassane på lokomotivførarutdanninga, med 7,4 søkjarar til kvar av dei 168 plassane. Også i fjor ville rekordmange verte lokførar.

Fagskular: Studium med flest førstevalsøkarar

Lærestad Studienamn Utdanningsområde- og type Studie-plassar Søkarar førsteval
Norsk fagskole for lokomotivførere Lokomotivførarutdanningen TEKNO – ANNET 168 1242
Fagskolen Oslo Elkraft TEKNO – ELEKTRO 56 163
Einar Granum Kunstfagskole Visuelle kunstfag ESTETISK 75 150
Fagskolen Vestfold og Telemark Elkraft TEKNO – ELEKTRO 60 137
Fagskolen i Viken Ambulanseoperativ leiing og prehosp. pasientbeh.* HELSEFAG – PLEIE&OMSORG 30 134
Fagskulen Vestland Elkraft TEKNO – ELEKTRO 80 132
Høgskulen på Vestlandet Yrkesdykking TEKNO – ANNET 24 120
Fagskolen Innlandet Økonomi og leiing ØKADM 50 107
Fagskolen i Viken Ambulanseoperativ leiing og prehosp. pasientbeh. HELSEFAG – PLEIE&OMSORG 35 96
Fagskolen Oslo Elkraft TEKNO – ELEKTRO 56 92

Halldis Folkedal ville heim til Vestlandet, og la kulturkarrieren på hylla til fordel for å køyre tog! Foto: Halldis Folkedal/Flickr

Rekordmange vil studere på nett

Endå færre har søkt seg til høgare utdanning i år enn i fjor, så har aldri så mange søkt seg til nettstudium. Landets fjerde mest populære studium er det nettbaserte deltidsstudiet organisasjon og leiing hjå Høgskulen i Innlandet.

Søknadstala til nettstudium har auka med 34,2 prosent sidan 2021.

– Vi har sett ei stor auke i søkjarar til nettstudium dei siste åra, noko som heng saman med at fleire ønskjer seg ein fleksibel studiekvardag. Fleire av studiestadane som har tillrettelagt for dette har opplevd ei markant auke i søkjarar.

Det seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, i ei pressemelding.

Universitet og høgskular: Studia med flest førstevalsøkarar per studieplass:

Studienamn Lærestad Studiestad Planlagde studie-plassar Søkarar førsteval Førsteval pr plassar
Toll, vareførsel og grensekontroll UIS Stavanger 60 1 215 20,3
Arkitekt AHO Oslo 60 1 120 18,7
Medisin, Trondheim/Levanger* NTNU Levanger 16 295 18,4
Luftfartsfag UIT Tromsø 12 198 16,5
Medisin, Trondheim/Ålesund* NTNU Ålesund 20 312 15,6
Mat, ernæring og helse, nettbasert* HINN Elverum 25 375 15,0
Ingeniør, bygg, fleksibel NTNU Gjøvik 9 124 13,8
Psykologi, haust UIO Oslo 65 865 13,3
Økonomi og leiing, deltid OSLOMET Oslo 20 260 13,0
Økonomi og leiing OSLOMET Oslo 20 248

Fulltidsstudent Mina Edvardsen kunne fint ha kome seg til Universitetet i Stavanger, men taklar studiane mykje betre frå heimekontor. Foto: Privat