Fann dinosaur i magen til krokodille

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har du nokon gong tenkt over at krokodiller, som er ein høgst levande art i dag, levde side om side med dinosaurar?

Forskarar har no studert restane av ei krokodille som levde for 93 millionar år sidan. I magen til krokodilla oppdaga dei ein dinosaur.

Det skriv Forskning.no, som siterer ein studie publisert i tidsskriftet Gondwana Research.

Dinosaur til middag

Fossilet av krokodilla, som stammar frå kritt-tida, blei funne i Queensland i Australia og gravd fram i 2010.

Forskar Joseph Bevitt ved Australian Nuclear Science and Technology Organisation (ANSTO) fortel at han oppdaga eit bein inne i krokodilla under den første skanninga dei gjorde i 2015.

Han syntest det såg ut som eit kyllingbein med ein krok på.

– Eg tenkte med det same at det var ein dinosaur, seier han i ei pressemelding.

Og det hadde han rett i.

Dei brukte ein avansert røntgenmaskin på storleik med ei fotballbane til å skanne fossilet, og fekk fram 3D-modellar av knoklane. Det seks år lange arbeidet avslørte at krokodilla sitt siste måltid var ein delvis ufordøya, ung dinosaur.

På storleik med ei høne

Men det var ikkje akkurat nokon t-rex krokodilla hadde hive innpå. Dinosaurmåltidet vog 1,7 kilo, og var om lag så stor som ei høne.

Forskarane veit ikkje kva art det er snakk om, anna enn at det er ein type ornithopod, som er ei gruppe dinosaurar som for det meste åt plantar og var tobeinte.

Krokodilla reknar dei var rundt 2 til 2,5 meter då ho døydde. Ho har fått namnet Confractosuchus sauroktonos, som tyder «den brotne dinosaurdreparen», sidan ho vart funnen i stein som var broten opp.

Sjølv om ho hadde appetitt for dinosaurar, trur forskarane likevel ikkje at det var det einaste som stod på menyen til krokodilla.

Rett i døden

Krokodiller har dei sterkaste magesyrene i dyreriket, så oppdaginga av dinosaurfossilet i krokodilla var ikkje berre overraskande, men det avslører at krokodilla truleg døydde kort tid etter måltidet, forklarar Matt White, som er forskar ved University of New England.

Forskarane trur krokodilla mista livet i ein svært flaum.


Antarktis gøymer framleis mange uoppdaga meteorittar. Foto: House Photography/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0