«Kjernen i problemet ligg i at dei vaksne har gløymt kva barneidrett handlar om»

Mariann Beausire (18)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Denne teksta er eit av bidraga som fekk heider i Framtida.no og Foreningen! les sin skrivekonkurranse om fritid.

Å fylle fritida med noko meiningsfylt er viktig for alle, men kanskje ekstra viktig for born og unge. Dei er på eit stadium i livet der det er ekstra viktig å kjenne tilhøyrsle. Tilhøyrsle får mange oppleve gjennom deltaking i organisert idrett. Diverre er det mange born og unge som sluttar på fritidsaktiviteten dei held på med fordi fokuset på presentasjonar blir for stort. Eg er blant dei.

Då eg var 14 år, slutta eg på fotball. Det som hadde vore lidenskapen min i så mange år, blei til noko eg ikkje følte glede ved å drive med lenger.

Eg spelte fotball for å ha det gøy med venninner, ikkje for å bli profesjonell fotballspelar. Etter kvart byrja trenarane å toppe laget. Det førte til at nokre spelarar fekk minimalt med speletid og måtte sjå store delar av kampane frå sidelinja. Prestasjonsjaget blei sterkare og sterkare, og dette gjekk på kostnad av fellesskapet og samhaldet i laget. Til slutt orka eg ikkje meir. Det var ikkje gøy å spele fotball lenger.

Eg er ikkje aleine om å ha slutta med organisert idrett i ung alder. Ei undersøking Ungdata har gjennomført viser at 6 av 10 sluttar med organisert idrett før dei blir 18 år.

Fråfall er eit problem idretts-Noreg må ta tak i. Det må leggjast til rette for tilbod som ikkje berre er retta mot dei mest ambisiøse spelarane.

Dagens born og unge blir kalla «generasjon prestasjon». Presset om å vere «vellykka» kjem frå alle kantar. I kvardagen deira kan difor fritidsaktiviteten vere det vesle pusterommet som er fritt for press. Det kan vere ein arena kor dei kan oppleve meistring og at dei er gode nok som dei er.

Å drive med organisert idrett er positivt, og difor bør vi jobbe for at fleire held på med det så lenge som mogeleg.

Barneidrett handlar først og fremst om å la born vere born

Eg trur kjernen i problemet ligg i at dei vaksne har gløymt kva barneidrett handlar om. Det handlar ikkje om å vinne flest mogeleg kampar eller å fostre fram den neste Martin Ødegaard.

Nei, barneidrett handlar først og fremst om å la born vere born, og å la dei finne glede i å vere i aktivitet i lag med andre. Kjærleiken til fritidsaktiviteten kan fort bli borte om fokuset på presentasjonar framfor idrettsglede blir for stort.

Kva så, om ein taper ein kamp? Er ikkje det betre enn at ein lar nokre spelarar ikkje få speletid i det heile teke? Dei vaksne må ta ansvar og endre mentaliteten sin. Born må få drive med fritidsaktivitetar på eigne premiss.

Ved å flytte fokuset vekk frå prestasjonar og over på samhald og fellesskap, trur eg at fleire born vil oppleve at kjærleiken til fritidsaktiviteten dei held på med vil bestå. Å vere i aktivitet i lag med andre er særleg viktig for born og unge, og det kan vere ein fristad i ein kvardag prega av stress og press. La born få vere born, og la dei ha det gøy når dei driv med idrett.


Dette innlegget var eitt av dei som fekk heider i Framtida.no og Foreningen !les sin skrivekonkurranse. Fram til 3. juni 2022 kan du skriva inn til skrivekonkurransen «Identitet».


Les intervju med skrivekonkurransevinnar: – Eg trur den frivillige innsatsen treng at det er fleire unge med

William Matteus Fonn (17) frå Namsos vann skrivekonkurransen om fritid, arrangert av Framtida.no og Foreningen !les. Foto: Karoline Fonn