«Koseleg med søte jenter som liker å drepe dyr ;-)»

Astrid Solhjell (18)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget fekk andreplassen i skrivekonkurransen om fritid, eit samarbeid mellom Framtida.no og Foreningen! les.

Eg brukar store delar av fritida mi ute, eg jaktar, fiskar og går tur i skog og fjell. I 2021 vart eg intervjua og det vart publisert ein artikkel om korleis rekruttering til jakt og fiske hadde blitt påverka av pandemien.

Under artikkelen kommenterte ein mann; «koseleg med søte jenter som liker å drepe dyr;-)». Denne kommentaren fekk meg til å reflektere, hadde ein gut komme til å fått den same kommentaren? Kva gjer at eg som jente blir sett på som «ei søt jente som liker å drepe dyr», og ikkje berre sett på som ein jeger?

Hadde ein gut komme til å fått den same kommentaren?

Jakt som fritidsaktivitet blir av nokon akseptert, og av andre ikkje. Eg trur det er på grunn av at mange i dagens samfunn ikkje veit kor maten dei et kjem ifrå. Denne ukunna fører til skepsis rundt jakt, sjølv om ein eigentleg ikkje veit kva jakt går ut på. Vegetarisme og veganisme har blitt meir og meir populært dei siste åra.

Mange har gode argument for denne livsstilen, for eksempel å redusere risikoen for diverse sjukdommar og at det er meir berekraftig for miljøet med eit plantebasert kosthald. Likevel kan ikkje eg forstå at nokon kan meine at dei utanlandske kjøterstatningane som dei kjøper på butikken er meir berekraftig enn den kortreiste maten som er hausta frå overskotet i nærområdet.

Eg føler at eg som jente blir mindre akseptert som jeger, enn mannlege jegerar. Innimellom kjennest det ut som at inntrykket andre har av meg eller andre jenter som jaktar er at vi myrdar stakkars dyr.

Eg føler meg rett og slett ekkel og uvel når eg får spørsmål som; «likar du å drepe?» og «får du ikkje skuldfølelse?».

Eg lurar på om mannlege jegerar får dei same spørsmåla. Det trur eg faktisk ikkje, i alle fall ikkje i like stor grad.

For meg, og dei aller fleste jegerar eg kjenner, er jakt så mykje meir enn berre å drepe. Vi menneske har skapt ein ubalanse i naturen med alle inngrepa våre, denne ubalansen gjer det nødvendig å gripe inn og for å regulere. Vi jaktar for å ha halde dei forskjellige bestandane nede.

Frå gammalt av drog mennene ut på jakt, mens kvinnene var heime og passa hus og ungar

Eg trur at oss menneske har forskjellige forventingar til dei forskjellige kjønna. Frå gammalt av drog mennene ut på jakt, mens kvinnene var heime og passa hus og ungar. Nokre av desse forventingane sit nok enda igjen i underbevisstheita vår. Vi kvinner er forventa å vere omhugsmenneske, derfor trur eg det krasjar med forventingane til mange når ein får høyre om ei jente som driv med jakt. Hos nokon krasjar dette så inderleg at det ikkje lenger blir oppfatta som jakt, men som mord av stakkars dyr.

For å kunne drive med jakt må ein ha eit minimum av utstyr. Ein treng gode og varme klede til å vere ute med. Elles treng ein eit våpen med kikertsikte og ein handkikert kan også vere fint å ha. Alt dette utstyret er relativt dyrt, men dersom ein investerer i skikkeleg utstyr kan ein forvente at det varar livet ut.

Den største og viktigaste forventinga eg opplever som jeger er å følgje reglane og det eg lærte under jegerprøven. Det største presset opplever ein sekund før ein trykker på avtrekkaren. Ein må vere så sikker som mogleg før ein vel å trykkje, viss ikkje kan det få fatale følgjer. Det siste ein vil er å gjere slik at eit dyr må lide.

Jakt er ein stor og viktig del av fritida mi, og for meg handlar det om å hauste av naturens overskot med respekt for dyra og omgjevnadane ein oppheld seg i.

Sidan det er så uvanleg er det mange som blir overraska og synest det er merkeleg

Ikkje alle har det same inntrykket av jakt, mange er i mot det og ser på det som totalt unødvendig.

Frå gammalt av har vi eit inntrykk av at jegerar er barske sterke menn som jakta for å skaffe mat til familien. Det er ikkje mange jenter som jaktar, og sidan det er så uvanleg er det mange som blir overraska og synest det er merkeleg.

Eg skulle ønske at jenter som jakta hadde blitt meir normalisert, og at eg kunne bli sett på som ein jeger, i staden for ei «søt jente som likar å drepe dyr».


Dette innlegget fekk andreplassen i Framtida.no og Foreningen !les sin skrivekonkurranse. Fram til 3. juni 2022 kan du skriva inn til skrivekonkurransen «Identitet».


Les intervju med skrivekonkurransevinnar: – Eg trur den frivillige innsatsen treng at det er fleire unge med