Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2022 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Retting: I denne saka var kandidatane og franske «Nasjonal samling» først omtala som høgreekstreme, dette er korrigert til høgreradikale og ytre høgre.

Første runde av det franske presidentvalet er over, og ei lang rekke kandidatar er redusert til to: noverande president Emmanuel Macron, og Marine Le Pen, leiar av ytre høgre-partiet «Nasjonal samling».

Macron enda klart øvst med nær 28 prosent, medan Le Pen, med sine 23 prosent av røystene, lenge låg faretrugande nær ytre venstre-kandidaten Jean-Luc Mélenchon, eit prosentpoeng lengre bak.

Framtida.no sin korrespondent på Den franske riviera treffer to kafé-tilsette i Aix-en-Provence. Dei er lite begeistra for utfallet:

Me kjenner oss jo skuffa og triste. Spesielt over at Le Pen tok seg vidare. Ein er i grunnen tvinga til å velja Macron, men eg er ikkje fornøgd med det, seier Loan.

– Eg er skuffa over at ingen av kandidatane eg var begeistra for kom seg vidare, legg Matthieu til.

– Likar ingen av kandidatane

Andre valrunde, om to veker, står dermed mellom dei to same kandidatane som i 2017. Denne gongen er det likevel spådd at marginen blir mindre, og at Le Pen har større sjanse til å få fleirtal. Samstundes melder Economist at Macron har 77 prosent vinnarsjanse.

Matthieu fortel at han har vore usikker på om han skal røysta eller ikkje i andre runde. For han står valet mellom to kandidatar han ikkje har mykje til overs for.

Noverande president i Frankrike, Emmanuel Macron, ligg godt an til å vinne valet og fem nye år ved roret. Men alt kan skje. Her er han på valvaken etter første valrunde søndag 10 april. Foto: AP Photo/Thibault Camus

Først tenkte eg å ikkje røysta i andre runde, for eg likar ingen av kandidatane. Men den eine [Le Pen] likar eg verkeleg ikkje, så eg trur eg må røysta likevel.

Det blir ofte sagt at franskmenn røyster med hjartet i første runde, og med hovudet i andre. Med ytterleggåande Marine Le Pen som favoritt, verkar det som mange no også røyster taktisk i første runde.

– Denne gongen har det vore mykje taktisk røysting også i første omgang, for å unngå at Le Pen skulle gå vidare, fortel Loan.

Klima viktigast

– Kva saker har dokker vore opptatt av?

Økologi, heilt klart. Også sosiale spørsmål, slik som rasisme og homofobi. Men alle andre spørsmål bleiknar om ein ikkje gjer noko med klimakrisa først, seier Matthieu.

Valkampen har så langt vore prega av krigen i Ukraina. Det har Macron sett ut til å tena på, medan Le Pen, med sitt nære forhold til Putin, har vore på defensiven. Sidan har Le Pen henta seg inn igjen, og fokusert mykje på den søkkande kjøpekrafta blant franskmenn i møte med aukande matvare- og energiprisar.

Nok ein gong står andre runde av det franske presidentvalet mellom Macron og Le Pen. Macron åtvara tilhengarane sine etter første valrunde om at ingenting er avgjort. (AP Photo/Bob Edme, File)

Den franske økonomien går godt, og arbeidsløysa er lågare enn på lenge. Det kan gi grunnlag for attval for Macron.

Men han har lenge blitt kritisert for å vera eliten og dei rike sin president – eit inntrykk som blei forsterka då det kom fram at regjeringa hans hadde brukt minst ein milliard dollar på private konsulentselskap i fjor.

Folksamt på ytre høgrefløy

Le Pen har derimot forsøkt å stå fram som det motsette av dette: som folkets og den jamne borgar sin kandidat. Og etter at den endå meir ytterleggåande Éric Zemmour dukka opp som presidentkandidat før jul, verka Le Pen brått langt meir moderat og ufarleg. 

Olivier (15), Frank (15) og Chloé (15), sit i sola på Cours Mirabeau, paradegata i Aix.

– Eg har eigentleg ikkje tenkt noko på valet. Men eg har lese om Éric Zemmour, fortel Olivier.

Zemmour er verkeleg ekstrem. Som ein fransk Donald Trump, seier Frank.

– Han er rasistisk og sexistisk, legg Chloé til, som meiner valet verkar å handa om å unngå det verste utfallet.

No stiller dei aller fleste kandidatane seg bak Macron. Sosialistpartiets Anne Hidalgo, kommunistpartiets Fabien Roussel, Valerie Pecresse frå Republikanarane og Yannick Jadot frå Dei Grøne – alle oppmodar dei veljarane sine til å røysta på Macron i siste runde.

Zemmour ber derimot sine veljarar om å støtta Le Pen.


Noverande president i Frankrike, Emmanuel Macron, ligg godt an til å vinne valet og fem nye år ved roret. Men alt kan skje. Foto: AP Photo/Francois Mori