Fransk presidentval: Macron, utfordrarane og krigen i Ukraina

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne teksta blei først publisert i artikkelserien Hvor Hender Det? til NUPI Skole 25. mars og er omsett og gjeve att med løyve. Meiningsmålingane kan ha endra seg sidan saka blei skriven.

Svaret på kven som blir president i Frankrike dei neste fem åra får vi 24. april 2022.

Den uprovoserte og brutale russiske invasjonen av Ukraina har tatt det meste av merksemda no i siste fase av i valkampen. Men etterverknadane av pandemien og det franske formannskapet i EU dette halvåret, har også ei viss betyding.

Alt dette har nemleg ført til at den sitjande presidenten, Emmanuel Macron, har hatt meir enn nok med å styre landet og EU, og dimed også hatt mindre tid til å sanke stemmer. Han venta òg overraskande lenge med å annonsere kandidaturet sitt. Først 3. mars i år gjorde han det klart at han ville stille til attval.

Men det var nok ikkje heilt tilfeldig. På den måten viste han at han prioriterer å styre landet, framfor valkamp, i ei krevjande tid. Og foreløpig ser det ut til dette fell i god jord hos ein del veljarar.

Ifølgje dei meiningsmålingane som blei tatt litt over ein månad før valet, låg han også godt framføre dei andre kandidatane med ei oppslutning på rundt 30 prosent. Det er ikkje så gale då det er så mange som 12 kandidatar som stiller til val i første valomgang, som finn stad allereie 10. april.

Élyséepalasset er embetsbustad og kontor for Frankrike sine presidentar. Foto: U.S. Department of State/Offentleg eigedom

Det franske politiske systemet, valordninga og presidenten si rolle

Det franske valsystemet med to valrundar blei innført av tidlegare president Charles de Gaulle, som på 50-talet etablerte Den femte republikk (sjå faktaboks).

For å vinne presidentvalet i første runde, må kandidaten få meir enn halvparten av stemmene som er gitt. Dersom ingen av kandidatane oppnår eit slikt fleirtal i første valomgang, blir det gjennomført ein andre valomgang mellom dei to kandidatane som fekk flest stemmer i første omgang.

Så langt har aldri eit presidentval under den femte republikken blitt avgjort etter éin valomgang.

Charles de Gaulle var Frankrike sin president frå 1959 til 1969. Han oppretta Den femte republikk. Foto: Offentleg eigedom

På same måte som i den norske grunnlova, står prinsippet om maktfordeling, altså at statsmakta skal fordelast på tre uavhengige institusjonar, sterkt i Frankrike.

Dei tre statsmaktene er den utøvande, den lovgjevande og den dømande makta (domstolen). Men til forskjell frå Noreg der den utøvande makta ligg hos regjeringa, så er ho i Frankrike delt mellom presidenten og regjeringa.

Den lovgjevande styresmakta i Frankrike er lagt til parlamentet, og det består av to kammer: nasjonalforsamlinga og senatet. I Noreg er det som kjent Stortinget som har denne styresmakta.

Både presidenten og nasjonalforsamlinga blir valde av det franske folket for ein femårsperiode, men dette skjer gjennom to ulike val.

Det betyr at når franskmennene har valt president, så skal dei kort tid etter (allereie 11. og 19. juni i år) stemme igjen i eit parlamentsval. Resultatet av dette valet vil ha betyding for kven presidenten vel som statsminister.

Vanlegvis vel den nyvalde presidenten statsministeren sin frå det partiet som får flest mandat eller sete i nasjonalforsamlinga. Ofte vil det vere slik at presidenten og statsministeren kjem frå same parti, men det er ikkje alltid tilfelle. Viss ikkje det skjer, så får vi ein situasjon der den utøvande makta (presidenten og statsministeren) er frå ulike politiske parti, og det kan bli vanskelegare å styre.

Resultatet blir då ei arbeidsdeling der presidenten tar seg av utanrikspolitikken og statsministeren og regjeringa hans tar hand om innanrikspolitikken.

Kandidatane

Så kva for kandidatar er det som stiller til val? Og kva er deira politiske program og erfaring?

I tillegg til Macron, er det så mange som elleve andre kandidatar som stiller til val.

Ifølgje meiningsmålingane er det lite som tyder på at nokre av desse vil gå av med sigeren etter første valomgang. Og sjølv om mykje kan skje fram til valet, ligg Macron så langt framføre dei andre på meiningsmålingane at det er truleg at han vil gå vidare til runde to. Kven han vil møte der er meir usikkert.

Dei partia som tidlegare har vore store, og som representerer den tradisjonelle høgre- og venstresida i politikken, har nemleg gått kraftig tilbake, og kandidatane deira ser ut til å få forholdsvis låg oppslutning.

I staden er det meir som tyder på at kandidatane for dei partia som representerer ytterfløyene (ytre høgre og ytre venstre) i det politiske landskapet har større sjanse til å gå vidare til andre valomgang saman med Macron.

Men kven er desse kandidatane?

Den noverande presidenten

Det er naturleg å byrje med Emmanuel Macron, som på mange måtar starta ein revolusjon i det politiske landskapet i Frankrike då han stilte som presidentkandidat for første gong i 2016. Fram til då hadde han vore medlem av Parti socialiste, nær rådgjevar til den tidlegare franske presidenten François Hollande og økonomiminister i regjeringa hans.

I august 2016 gjekk han derimot av som minister og starta den politiske rørsla En Marche (Framover) og seinare partiet La République En Marche!

Macron var særleg opptatt av å reformere fransk økonomisk politikk, som ifølgje han var for regulert og rigid. Trass i at politikken hans i europeisk samanheng er på linje med dei fleste sosialdemokratiske eller sentrumsparti, så blir hans politiske profil i Frankrike sett på som ei høgredreiing.

Då Macron blei vald som president i 2017, blei mange overraska. Han var ung og relativt ukjent. Samstundes var det mange som såg på han som eit friskt pust.

Ettersom partiet hans også fekk fleirtal i parlamentsvalet same år, fekk Macron og regjeringa hans moglegheita til å vedta ei rekkje reformer som hadde til hensikt å få fart i fransk økonomi. Ein del av desse reformene var upopulære blant mange, og då regjeringa på toppen av dette innførte ei drivstoffavgift, blei protestrørsla, ofte referert til som Dei gule vestane, etablert.

Protestrørsla «Mouvement des Gilets jaunes» eller «Dei gule vestane», demonstrerer her framføre den kjente kyrkja Sacré-Cœur i Paris. Foto: Olivier Ortelpa/CC BY 2.0/Flickr

Macron fall ganske raskt på meiningsmålingane. Protestane heldt fram ei god stund, men blei mindre omfattande, mellom anna då økonomien byrja å gå betre.

Macron har også styrkt posisjonen sin gjennom handteringa si av ulike internasjonale kriser, som då Donald Trump var president i USA, då verda blei råka av koronapandemien og då Russland invaderte Ukraina.

Han har vore kontroversiell, både nasjonalt og internasjonalt, men han har også vist at han var i stand til å bringe Frankrike tilbake som ein viktig aktør i internasjonal politikk.

Utfordrarane

Dei av utfordrarane hans som utmerkjer seg mest, er ingen frå dei tradisjonelt etablerte partia, som Parti socialiste eller Les Républicains, men heller to kandidatar frå ytre høgre (Marine Le Pen og Éric Zemmour) og ein kandidat frå ytre venstre (Jean-Luc Mélenchon).

Marine Le Pen frå Rassemblement national (Nasjonal samling), har vore frontfigur for ytre høgre heilt sidan 2012, då ho tok over etter faren sin Jean-Marie Le Pen. Partiet har alltid vore, og er framleis, eit anti-immigrasjonsparti og eit parti som er opptatt av å beskytte fransk nasjonal identitet.

Under Marine Le Pen har likevel partiet fått auka oppslutning og ho har delvis lukkast med å gjere partiet meir respektert enn det var under faren si leiing. Men, Le Pen har no også fått ein ny utfordrar endå lengre til høgre for seg.

Marine Le Pen. Foto: Anna Isakova/statsdumaen/CC BY-SA 4.0

Éric Zemmour er frontfiguren til den nye rørsla og det nyetablerte partiet Reconquête (gjenerobring). Han har ingen politisk bakgrunn, er statsvitar, tidlegare journalist og TV-vert.

Han er også velkjent for sine ekstreme synspunkt på innvandring og islams rolle i Frankrike. Han har også blitt politimeld og bøtelagd for sine rasistiske utsegner og for å spreie hat mot den muslimske befolkninga i landet. Han ønskjer ei djup endring av det franske politiske systemet, er skeptisk til både EU og NATO og har ein nasjonalistisk agenda.

Eric Zemmour under eit valkampmøte i Toulon i Sør-Frankrike. Foto: AP Photo/Jean-Francois Badias

Medan det er stor forskjell på populistane på ytre høgre og ytre venstre når det gjeld politiske løysingar, så hevdar begge at dei snakkar på vegner av «folk flest».

På ytre venstre finn vi Jean-Luc Mélenchon, som er tidlegare medlem av sosialistpartiet PS, som også Macron var medlem av. I dag leiar Mélenchon La France insoumise (Det opprørske Frankrike), eit forholdsvis nytt politisk parti (etablert i 2016) som er framprovosert av det dei ser som ei uønskt høgredreiing i fransk politikk.

Jean-Luc Mélenchon. Foto: MathieuMD/CC BY-SA 4.0/Wikimedia Commons

Både Mélenchon, Le Pen og Zemmour har derimot gått tilbake på meiningsmålingane fordi dei inntil nyleg har kome med støtteerklæringar, og til og med hatt økonomiske bindingar, til Russlands president, Vladimir Putin.

Effekten av Ukraina-krigen

Tradisjonelt er det ikkje utanrikspolitikken som står i sentrum i ein fransk presidentvalkamp, men i år er det annleis.

Valkampen har i stor grad blitt prega av Russlands invasjon av Ukraina. Det får ulike konsekvensar.

Macron har hatt mindre tid til å drive valkamp. Men i ei tid der mange er blitt sjokkerte over Putins brutalitet, og det er ei frykt for mogleg eskalering av krigen, så blir stadig fleire opptatt av å velje ein sterk og truverdig leiar som kan beskytte og handtere store internasjonale kriser.

Sjølv om det er ulike meiningar om Macrons utanrikspolitikk, har han, under sin første presidentperiode, på mange måtar gjenreist Frankrike som eit viktig land både regionalt og globalt.

Han har vist at han ikkje er redd for å ta initiativ og forsøke å finne løysingar. Det har ikkje alltid gitt resultat, men ein veit på mange måtar at han har det som skal til for å vere president.

Alt dette har gitt Macron eit forsprang.

Mange analytikarar har antyda at valet kanskje allereie er avgjort. Samstundes veit vi av erfaring at overraskingar kan kome også kort tid før eit val.

Macron sine samtalar og møte med Putin den siste tida, har gjort inntrykk på den franske befolkninga. Han framstår som ein sterk leiar, noko som kan ha hjelpt han opp mot presidentvalet i april. Foto: Sputnik, Kremlin Pool Photo via AP

Den europeiske dimensjonen i fransk valkamp

Valet av den franske presidenten er ikkje viktig berre for Frankrike, men også for Europa. Frankrike spelar ei heilt sentral rolle i EU. Saman med Tyskland, utgjer dei på mange måtar hjernen og hjartet av EU.

Medan Macron er ein overtydd europear som ønsker å vidareføre og styrkje det tette europeiske samarbeidet, så vil dei meir populistiske partia – på både høgre- og venstresida – utfordre denne linja.

Macrons fem år som fransk president har vore prega av ei rekkje ambisiøse initiativ for å styrkje Europa og EU si rolle innanfor sikkerheit og forsvar, teknologi, industri, grønt skifte, sosialpolitikk og migrasjon. Han har ikkje fått støtte for alle ambisjonane sine, men vi ser eit sterkare EU no enn då han blei vald som president for fem år sidan.

Med Russlands invasjon av Ukraina har viktigheita av EU og NATO blitt tydelegare for franske veljarar. Dette har gjort det enklare for Macron å få støtte til europeiske løysingar framfor nasjonale og eller nasjonalistiske tilnærmingar, som Le Pen og Zemmour spelar på.

Mykje tyder på at han vil lukkast med det, men svaret får vi først 24. april.


Les også: Frå skodespelar til president: Kven er Volodymyr Zelenskyj?

Foto: Pressekontoret til den ukrainske presidenten via AP // AP Photo/Efrem Lukatsky. Kollasj Framtida.no

Den femte republikken

  • Frankrike si femte og noverande republikanske grunnlov, oppretta den 4. oktober 1958.
  • Den femte republikken sin første president var Charles de Gaulle, som også bidrog til å utforme grunnlova.
  • I motsetnad til i den fjerde republikken, der tyngdepunktet låg i nasjonalforsamlinga, har presidenten ein langt sterkare posisjon i den femte republikken.