Kvinner står i front for europeisk høgrepopulisme: – Kan vere strategisk, seier forskar

Høgrepopulistiske kvinner er på full fart inn i europeisk politikk, og konkurrerer om å bli størst i Italia og Frankrike. Årsaka kan vere at ekstrem politikk blir opplevd mindre truande når det er ei kvinne som formidlar han.

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 07.09.2021 15:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Eg er kvinne! Eg er mor! Eg er kristen!» – slik talte Giorgia Meloni til eit jublande publikum i det som etter kvart er blitt ein berømt opptreden. Meloni leiar det post-fascistiske partiet Brør av Italia, som oppstod blant dei som framleis stødde Benito Mussolini etter andre verdskrig.

Silvio Berlusconi (t.h.) saman med tidlegare russisk statsminister Dmitrij Medvedev. Lenge var den karismatiske og maskuline Berlusconi den typiske høgrepopulisten i Europa. Men dei siste åra har ei rekke kvinner inntatt sentrale posisjonar i europeiske høgrepopulistiske parti. Foto: Downing Street/Flickr/CC BY-NC-ND 2.0

Nye meiningsmålingar viser at partiet hennar no knivar om å bli største parti i Italia.

Den harde tonen og sterke innvandringsmotstanden hennar har ho til felles med Marine Le Pen, leiaren av franske Nasjonal samling. Også ho konkurrerer om å bli største parti i landet, og håper på å ta over for Emmanuel Macron som fransk president ved valet i 2022.

Det kan verka pussig at to av Europas største høgrepopulistiske parti no blir leia av kvinner. Lenge var det mest vanleg å sjå karismatiske macho-menn som Silvio Berlusconi i spissen for slike parti.

Valdelege menn og mjuke kvinner?

Éi utbreidd forklaring på dette går ut på at kvinner, som stereotypisk blir sett på som omsorgsfulle og gode, bidrar til å «mjuke opp» høgrepopulistiske parti. Derimot blir menn tilskrivne meir valdelege og aggressive eigenskapar, og kan såleis bidra til det motsette – at radikale parti blir oppfatta som endå meir ytterleggåande.

Det verkar altså meir legitimt når Marine Le Pen åtvarar mot innvandring som ein trussel mot kvinners rettar og likestilling, enn når Carl I. Hagen åtvarar mot innvandring som ein trussel mot norske verdiar, om vi skal tru denne teorien.

Er det noko i det?

– Ja, det er det absolutt noko i, seier Katrine Fangen, professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo. Ho har dei seinare åra arbeidd mykje med høgrepopulisme og kjønn, og fortel at kjønn også har langt meir med populisme å gjere enn berre kven som leiar partiet.

– Mange høgrepopulistiske parti har hatt kvinnelege leiarar lenge, så dette er ikkje heilt nytt. Men det kan absolutt vere eit strategisk val for å appellere meir til kvinner, som kan ha lettare for å identifisere seg med ein kvinneleg leiar. Dette er parti som tradisjonelt har hatt ei stor overvekt av mannlege veljarar.

Les også: Forskar om SPs «nye vending»: – Ein tenkte ikkje på SP som eit populistisk parti før Vedum

Mannsparti i endring

Det er langt ifrå uvanleg at menn og kvinner røyster ulikt. Medan kvinner fram til 1970-talet faktisk var klart meir konservative og høgreorienterte enn menn, er det no heilt motsett. Norske kvinner arbeider oftare i offentleg sektor og røyster klart meir venstreorientert. Menn er derimot relativt oftare tilsette i privat sektor, og røyster borgarleg.

Dette fenomenet, som gjerne blir kalla «det moderne kjønnsgapet», gjer seg gjeldande i dei fleste vestlege land, men kjem spesielt tydeleg til uttrykk i Norge. Dei siste åra har likevel delen kvinner i slike parti vore aukande, fortel Fangen.

– Er det framleis grunn til å kalle høgrepopulistiske parti for «mannsparti»?

– Ja, det er framleis flest mannlege veljarar, men forskjellen i stemmegiving er ikkje like uttalt som tidlegare. Omtrent 40 prosent av veljarmassen internasjonalt er kvinner.

Kinder, Kirche, Küche

Forsvar av kvinner og LGBT-personar har ofte blitt brukt for å legitimere motstand mot islam, seier Katrine Fangen. Ho er professor i sosiologi ved Universitetet i Oslo, og har arbeidd mykje med høgrepopulisme og nasjonalisme i Europa. Foto: UiO.

Fangen understrekar at det er stor forskjell på høgrepopulistiske parti i Europa, og at enkelte er langt meir ytterleggåande enn andre.

Éi tydeleg skiljeline går mellom dei som står for svært tradisjonelle familieverdiar, «Kinder, Kirche, Küche» (barn, kyrkje, kjøken) som det heiter, og dei som er meir likestillingsorienterte.

Medan eit meir ekstremt parti som tyske NPD er svært opptekne av den tradisjonelle familien og tradisjonelle kjønnsroller, har høgrepopulistar i Frankrike og Nederland derimot fronta seg sjølv som likestillingsorienterte og til og med LHBT-vennlege.

Dermed har dei også fått sterkare skyts til å argumentere mot innvandring frå muslimske land, som dei meiner set slike verdiar under press.

Vikarierande argumentasjon

– Å forsvare kvinner og LHBT-folk har også vore ein måte å legitimere motstand mot islam på, der ein framstiller islam som eit tilbakesteg. Dette gjeld både Frankrike og Nederland. AFD i Tyskland har gått i ei annan retning: dei snakkar også om kvinners rettar, men då til å ikkje vere «fritt vilt for muslimske innvandrarar».

– Typisk trekk dei fram Køln-saka, der mange kvinner blei antasta, som eit skrekkeksempel på kva muslimsk innvandring fører til, fortel Fangen.

Ho påpeikar at høgrepopulistiske parti ofte med hensikt har blanda saman moderate muslimar og meir radikale islamistar:

– For desse partia finst ikkje noko moderat islam. Moderate muslimar «skjuler berre sine eigentlege mål». Denne oppfatninga finn vi også i det som har blitt kalla «Framstegspartiets bakland».


Illustrasjon: NTB