Dei gule vestane er eit resultat av store forskjellar

Sindre Hornnes
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Feiringa av nasjonaldagen til Frankrike den 14. juli starta med å sjå på jagarfly male det franske flagget over himmelen og jublande menneskjer i gatene. President Macron vinka til folkemengda då bilen hans køyrte gjennom paraden i Champs-Elysées. På vegen tilbake til hotellet vart vi derimot møtt av fleire hundre demonstrantar frå Gilets Jaunes-rørsla, dei gule vestane. Jubelen i gatene vart erstatta av demonstrantar, tåregass og væpna politifolk.

Dei gule vestane er eit resultat av store forskjellar. Mellom fattig og rik, og mellom by og land. Det har skjedd eit landsomfattande politisk opprør mot president Macron og reformpolitikken han har ført etter valet i 2017. Aukinga av drivstoffavgifta har vore den utløysande faktoren, men frustrasjonen blant dei franske veljarane har skjedd over tid.

Store politistyrkar er sett inn mot demonstrasjonane til dei gule vestane i Frankrike. Foto: Even Hornnes.

I Frankrike har ti prosent av befolkninga ein tredel av inntekta og arbeidsledigheita er på ti prosent. Det er blitt gitt store skattekutt til dei rike, medan avgiftene har auka for folk flest. Dette har ført til at forskjellane har auka kraftig. Følelsen av avmakt har ført til at kampen for meir økonomisk likskap har flytta seg frå parlamentet og ut i gatene.

Følelsen av avmakt har ført til at kampen for meir økonomisk likskap har flytta seg frå parlamentet og ut i gatene.

Frankrike er ikkje eit unikt tilfelle. Forskjellane i Noreg aukar. Over hundre tusen barn veks opp i familiar med dårleg økonomi. Ein million arbeidstakarar får ikkje pensjonsopptening frå første krone, og stadig fleire vert avhengig av sosialhjelp samstundes som dei er i full jobb. I eit notat Tankesmien Agenda har utarbeida viser det seg at dersom forskjellane utviklar seg slik dei har gjort i Norden sidan 1990, så vil Norden ha like store forskjellar som Frankrike i 2030.

Mange seier at Høgre og FrP regjeringa er passive og lar forskjellane mellom fattig og rik bli større. Dei er ikkje passive. Deira politikk bidreg aktivt til større forskjellar. Med politikk der ein kutter i skatten til i hovudsak dei rike. Med politikk der ein aukar eigenandelen for å gå til lege eller få medisin. Med politikk som kutter støtte til dei som er multihandikappet, glutensjuke og inkontinente. Då har vi ein aktiv politikk som bidreg til større forskjellar.

Arbeidarpartiet ynskjer ein politikk som skapar eit sterkare fellesskap. Der rausheit, inkludering og rettferdig økonomisk fordeling blir prioritert. Vi vil ha ein politikk som gjer det lettare for dei med vanskeleg økonomi, difor kjempar vi for gratis skulefrukost, barnehage og SFO. Slik får alle ein god start på livet, som bidreg til mindre forskjellar.

LES OGSÅ: Alle franske 16-åringar skal avtene verneplikt