Slår eit slag for enkel og triveleg beredskap

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Han maner til enkel eigenberedskap – for heilt vanlege folk – når han no gir ut boka «I tilfelle dommedag: Enkel beredskap for vanlige folk».

Det starta i fjor.

Boka er skriven i ein underhaldande tone og byr på mange gode tips til korleis du kan bevare litt hyggefaktor i krisetider. Foto / Ill. Kagge

Då fekk Hagerup, til liks med alle oss andre, ein brosjyre frå norske styresmakter der det stod: «Du er ein del av beredskapen i Noreg». Her vart alle bedne om å ha det du treng i heimen for å handtere å vere utan straum, vatn og internett i 72 timar. Ei lang sjekkliste følgde òg med.

– Eg innsåg at familien ikkje var i nærleiken av å ha det som vart tilrådd. Eg byrja å sanke inn det som stod på lista, men då dukka det opp mange oppfølgingsspørsmål. For kor lenge kan ein eigentleg ta vare på vatn utan at det blir dårleg? Kva skal vi med jodtablettar, seier trønderen.

Han har skrive ei hyggelegare bok enn ein skulle tru:

– Ho handlar om korleis takle dei krisene norske styresmakter meiner er sannsynlege. For dei fleste av oss vil overleve ei eventuell krise. Men dei aller fleste vil òg tenke: Kvifor var eg ikkje betre førebudd?

Opplevde sjølv orkan

Beredskapsbok-forfattaren har sjølv opplevd ei relativt stor krise.

Han var sju år då den kraftigaste orkanen i hundreåret trefte Noreg 1. januar 1992. Barndomsheimen til Hagerup ligg i Overhalla, ikkje langt frå Namsos, og han opplevde at nabohus mista tak, båtar bles på land, store skogsområde låg flate – og straumen forsvann.

– Vi var veldig heldige som mellom anna hadde ein bekk med reint vatn like ved, ein godt fungerande vedomn og eit solid hus. Vi var utan straum og vatn i fleire dagar, men fordi vi hadde litt mat og det vi trong, opplevde vi det ikkje som dramatisk. Vi fyrte i peisen og las høgt, minnest forfattaren. Som beskriv opplevinga som eit koseleg barndomsminne.

Har du ikkje høyrt gjete nyttårsorkanen? Sjå korleis uvêret herja i denne videoen:

– Bodskapen min er at ein slik situasjon utfordrar oss nok om vi ikkje skal vere nøydde til å streve med dei mest basale ting, som det er så enkelt å gjere noko med i forkant, seier han.

Hagerup fortel at undersøkingane til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) viser at fleirtalet av befolkninga manglar tilstrekkeleg eigenberedskap heime.

– Håpet mitt er at boka kan bidra til å forbetre situasjonen, slik at det blir vanleg å ha det styresmaktene tilrår.

Nærmiljøet viktig

Egil Aslak Hagerup understrekar at styresmaktene ikkje ser for seg at det er overhengande fare for krig eller dalande atombomber.

– Men ein pandemi, ureina drikkevatn eller eit atomdrive fartøy som går på grunn langs kysten vår: Det kan fort skje. Styresmaktene meiner òg det reint tryggingspolitisk er meir uroleg enn på fleire tiår, og at klimaendringane har auka behovet for eigenberedskap. Berre sidan 90-talet har talet på skadar etter styrtregn auka med 800 prosent, og vi ser ein endå større auke i skadar knytte til ras.

Eigenberedskap er noko vi helst utset å gjere noko med. Men no har styresmaktene faktisk innført ei eigenberedskapsveke for verkeleg å setje dette på agendaen. – Eg håper boka mi kan vere med å bidra her, seier Egil Aslak Hagerup. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Hagerup spanderer nokre råd på ståande fot, på spørsmål om kvar vi skal byrje, seier han:

– Ha ein plan for korleis du skal behalde varmen. Ha nok vatn ståande – DSB tilrår ni liter per person i heimen. Ha nok mat – men også noko å lage maten på, som eit stormkjøkken. Deretter er jodtablettar faktisk viktig, det same er ein batteridriven dab-radio og eit godt forhold til naboane. Godt samarbeid kan vere svært viktig når krisa rammar.

Trønderen nikkar attkjennande til at ein fort blir sett på som ein «doomsday prepper» dersom ein snakkar høgt og mykje om eigenberedskap – men seier det ikkje bør reknast som merkelegare å følgje nokre enkle råd i så måte, enn å følgje fjellvitreglane.

Forfattaren har ikkje skrive ei mørk og dyster bok. Ta dømet omtrent midtveges i boka, der Hagerup skriv: «Bor du i Hemsedal, kan du for eksempel hamstre opp mat så du slipper å gå i butikken når bygda invaderes av sanseløst fulle folk i påska».

– Som jo er det næraste vi kjem ein zombieapokalypse, ler forfattaren.

Skulestreik for klima fredag 24. mai. Foto: Andrea Rygg Nøttveit