Universitet og høgskular førebur seg på å ta imot flyktningar
Om lag 30 utdanningsinstitusjonar har kartlagt kapasiteten sin til å ta imot ukrainske flyktningar. Dei fleste programma på engelsk er på masternivå.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Kartlegginga er gjord på førespurnad frå Kunnskapsdepartementet, skriv Khrono. Ein gjennomgang gjort av avisa viser at få utdanningsinstitusjonar i Noreg har bachelorutdanning på engelsk, men at alle har masterprogram på engelsk.
Universitetet i Stavanger (UiS) og Høgskulen på Vestlandet (HVL) oppgir at dei har plass til høvesvis 150 og mellom 45 og 50 ukrainske studentar.
Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO) seier dei kan ta imot 5 til 10, og OsloMet oppgir at dei er villige til å lage ekstra plass for at ukrainske flyktningar skal kunne studere.
- Les også: Tre veker med krig i Ukraina
Utfordringar, men engasjement
Dei fleste utdanningsinstitusjonane peikar på utfordringar med opptak, finansiering av studieplassar og språkutfordringar.
Kunnskapsdepartementet opplever likevel stort engasjement til å ta imot flyktningane.
– Institusjonane er villige til å oppskalere det engelskspråklege tilbodet sitt på ulike fagområde og ulike nivå. Kapasiteten til å ta inn studentar og oppskalere tilbod innan norskopplæring er òg stor, og kan organiserast i løpet av relativt kort tid i mange tilfelle, opplyser Kunnskapsdepartementet til Khrono.
Fleire universitet og høgskular har òg sagt at dei er villige til å tilsetje ukrainske forskarar og akademikarar mot at dei får midlar til dette, ifølgje departementet.