«Slik tek du vare på deg sjølv når krig dominerer nyheitsbiletet»

Sandra Ditløvsen Olsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette innlegget stod først publisert på Instagram og er gjengjeve med løyve.

Om du vakna i dag, såg på nyheitene og følte deg stadig meir stressa for krigen i Ukraina, er du absolutt ikkje åleine.

Det som skjer i Ukraina kjennest både skremmande og meiningslaust. Veldig mange føler det slik og mange er stressa.

Alt vi ikkje skjønar og alt vi ikkje har kontroll på gjev oss ei kjensle av maktesløyse. Spesielt etter ein to år lang pandemi er det mykje å ta til seg, og det er normalt å kjenne seg overvelda.

Vi har samla nokre tips til korleis du kan ta vare på deg sjølv i desse vanskelege tidene:

1: Avgrens overdriven scrolling

Det er normalt at du vil lese mykje om kva som skjer i Ukraina og oppdatere deg på alt av nyheiter. Men det kan fort verte for mykje. Set grenser for kor mykje tid du brukar på å oppdatere deg, og finn eit par pålitelege kjelder du kan stole på.

Vi i Noreg er heldige som kan velje å kople av frå alt som skjer i Ukraina akkurat no, men hugs at det er heilt ok å ta pausar frå scrollinga for å ta vare på deg sjølv.

2: Ver kjeldekritisk

Det er naturleg å vere oppteken av det som skjer og å ønske å vete meir. Men det kan også vere vanskeleg å forstå alt som skjer og vurdere kor all informasjonen kjem frå. Prøv å vere kritisk til det du les og ser, ikkje alt av videoar og bilete som vert delte på sosiale medium er ekte.

Hugs at mange aviser får betalt for at du klikkar deg inn på artiklar, så overskriftene er ofte heftige for å få deg til å klikke. Eit døme på ei avis som ikkje tener pengar på at du klikkar inn er NRK. Vurder om du skal lese mest der i ei periode.

3: Hald på rutinar

Det er lov å halde fram å gjere ting du synest er gøy. Hald fram med å treffe vennar eller å dra på fritidsaktivitetar. Det er ikkje slik at du sluttar å bry deg om det som skjer eller at du ikkje tek ting på alvor sjølv om du har det gøy.

Du må ikkje tenke på konflikten heile tida for å bry deg – gje deg sjølv ei pause.

4: Alle kjensler er normale

Kanskje føler du at du ikkje veit nok om kva som skjer. Eller kanskje føler du skuld fordi du er bekymra for korleis dette kan påverke deg. Eller kanskje føler du at dette ikkje påverkar deg i det heile teke.

Alle desse kjenslene er normale, ikkje ver for streng med deg sjølv. Det finst ikkje noko rett eller gale på kva du skal føle.

5: Snakk med nokon om du er bekymra

Om du synest det vert for mykje, finn nokon du stolar på som du kan prate med om det du føler. Det kan vere ein fin måte å sortere eigne tankar på.

 


Treng du nokon å snakka med? Då kan du til dømes ta kontakt med Hjelpetelefon for mental helse eller chatte med Mental Helse Ungdom

Sjå fleire ressursar her: Hjelpetelefonar og nettstadar – Rådet for psykisk helse og her: Hjelp for barn og unge – Helsenorge


Illustrasjonsfoto: Gilles Lambert on Unsplash, Faksimile frå Dagbladet.no. Kollasj: Framtida.no