Kraftig fall: Berre 1,1 prosent av bergenselevar har nynorsk som hovudmål

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2002 var det 1.759 elevar i bergensskulane som hadde nynorsk som hovudmål. Sidan den gong har talet gått ned jamt og trutt, og ved inngangen til 2022 var det berre 316 elevar med nynorsk som hovudmål.

No prøver kommunen å ta grep, mellom anna ved å etablere ein rein nynorskklasse uavhengig av skulekrinsane på ein av sentrumsskulane, melder Bergens Tidende.

Byrådsleiar i Bergen Roger Valhammer (Ap). Foto: Marit Hommedal / NTB / NPK

Då søknadsfristen gjekk ut 14. mars, hadde likevel berre tre førsteklassingar søkt seg til denne klassen. Det er sett ei minimumsgrense på minst ti elvar for at klassen skal opprettast.

– Denne klassen er noko vi verkeleg ønskjer. Søknadsfristen er no utsett. Vi har sendt ut infoskriv til både kommunale og private barnehagar om tilbodet, seier byrådsleiarar byrådsleiar Roger Valhammer (Ap).

Han forklarer nedgangen med at fleire skular med nynorsk som hovudmål dei siste åra har vorte nedlagde, og at elevane er overførte til skular utan nynorskklassar. Også innflytting i enkelte bydelar blir oppgitt som forklaring på nedgangen.


Bald Bros hyllar nynorsken i ei ny låt. Foto: Skjermdump