«Å drukne sine sorger er ein lite effektiv quick fix»

Anette Sivertstøl
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne haldningar. 

Når vi ser karakterar i tv-seriar og filmar handtere vanskelege følelsar og tunge periodar er det ofte alkohol karakterane tyr til. Populærkulturen har på mange måtar normalisert det «å drukne sine sorger» med alkohol. Eit omgrep som er godt innarbeidd hos mange og blir oppfatta som ein akseptabel reaksjon viss du står i ein vanskeleg livssituasjon.

Men ikkje alle har kunnskap om korleis alkohol påverkar vår psykiske helse. Ei Ipsos-undersøking gjort på vegne av alkovettorganisasjonen Av-og-til viser at tre av ti ikkje kjenner til samanhengen mellom alkohol, angst og depresjon.

Ein beroligande effekt

Alkohol kan riktignok verke dempande på angsten eller vere ein mellombels pause frå sterke depressive følelsar. Kanskje alkoholen bidreg til å gi deg meir sjølvtillit slik at den sosiale angsten forsvinn i nokre timar.

Alkoholen kan for mange verke beroligande og redusere stress og bekymring, samt gi auka sosial tyggleik dei timane ein er berusa. Men kva pris betalar psyken for den kortsiktige lykka alkohol gir?

Når vi drikk, aukar nivået med lykkestoffa dopamin og endorfinar. Idet vi sluttar å drikke og leveren skal bryte ned etanolen, oppstår det eit underskot på lykkestoffa fordi kroppen har sett sin eigen produksjon på pause. Det kan føre til at angsten aukar og blir verre.

Populærkulturen har på mange måtar normalisert det «å drukne sine sorger» med alkohol.

Forsking viser også at det er ein samanheng mellom høgt alkoholforbruk og depressive symptom. Om du brukar alkohol for å dempe vonde følelsar i ein vanskeleg livssituasjon kan alkohol bli ein mestringsstrategi for å takle depresjon.

Alkohol kan både utløyse depresjon og forverre symptom for dei som allereie slit med depresjon. Samtidig viser forsking at sjølvmedisinering med alkohol aukar risikoen for alkoholavhengigheit.

Mot si hensikt

Å sjølvmedisinere seg med alkohol, eller populært kalt «drukne sine sorger», vil difor verke mot si hensikt i det lange løp. Den kortsiktige lykka er kanskje ikkje verd det når vi ser på følgene av alkoholbruk i tunge periodar. Alkohol blir meir ein «quick fix», men ein «quick fix» fungerer som regel ikkje i lengda.

Sjølv om alkohol ofte er løysinga på vanskelege situasjonar hos karakterar i tv-serier og filmar, er ikkje dette ein mestringsstrategi som vil fungere i det verkelege liv.

Slit du med depresjon, angst eller står i ein krevande livssituasjon, kan det heller hjelpe å prate med nokon i staden for å drikke bort sorgene dine for ei kort stund. Å sette ord på det vanskelege og sortere tankane sine vil kanskje vere ei betre løysning enn rusen si tåke.


Har du noko på hjartet? Send eit innlegg til tips(a)framtida.no!


Alexander Harald Sandtorv. Foto: Bente Kjøllesdal