Pandemi og andre verdskrig: Dagny (96) hadde rektor frå NS og smugla matpakkar til fangar

Dagny Backer Johnsen
Publisert
Oppdatert 17.03.2022 08:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

12. mars 2020. Noreg blir stengt ned. På pressekonferansen seier Erna Solberg at vi må førebu oss på dei strengaste tiltaka sidan den andre verdskrigen. Ho seier at tiltaka kjem til å vere inngripande i kvardagen vår.

Sidan pandemien starta har både forskarar og vanlege folk samanlikna denne unntakstida med den andre verdskrigen. I forskingsprosjekt, aviser, kommentarfelt og sosiale medium.

Direktøren for Verdshelseorganisasjonen Tedros Adhanom Ghebreyseus har sagt at pandemien har påført større massetraume enn den andre verdskrigen.

– Krig og pandemiar har nokre fellestrekk. Vi veit ikkje kor lenge dei varer eller kor fienden er, og vi kjenner både på usikkerheit og redsel, seier Ola Boe, professor ved Universitetet i Sørøst-Noreg til Forskning.no

Men kan koronapandemien verkeleg samanliknast med den andre verdskrigen?

Eg må høyre med bestemora mi. Ho har jo trass alt erfaring i å overleve både pandemi og krig.

«Gomor»

Bestemora mi, Dagny Moe (96) eller «Gomor» som eg kallar henne, er ei sånn dame eg håpar eg blir ein dag. Ho er sprek, lattermild, morosam og held seg oppdatert på det som skjer i verda.

I sommar vekte ho meg kvar dag for morgonbad då vi var på hytta. Ho slår meg alltid i kortspel, og då vil ho ha applaus.

Nokre gonger får ho latterkrampe, slik at vi er redde ho skal stryke med.

Då tyskarane kom

Då krigen braut ut i Noreg i 1940 var Gomor 14 år.

Ho gjekk på skule, og var med i ei jentegruppe på Voss, som ho reiste rundt til nabobygder og song med. Ho var sosial, aktiv og var med i speidaren.

Skog og mark: Dagny Moe (tidligare Langerak) var aktiv i speidaren, og likte seg i naturen. Foto: Privat

23. april 1940 var dagen alt endra seg. Tyskarane overtok bygda. Akkurat som pandemien kom som eit sjokk på meg sjølv og mange andre, kom krigen som eit sjokk på Gomor. Gomor var på veg heim frå handletur saman med søstera og mora, då krigsfly flaug over Vangen og begynte å skyte.

– Vi kasta oss ned i ei grøft, og eg hugsar det låg kuler på bakken rundt oss, seier Dagny.

Familien bestemte seg for å sende Gomor og veslesøstera til bestefaren i Sogndal, medan bygda blei bomba. Dei fleste husa blei lagt i ruinar, men huset til Gomor stod utruleg nok då dei kom tilbake.

– Då vi kom tilbake, var stemninga i bygda annleis. Det var krigsstemning, seier Dagny.

Slik såg det ut på Voss etter krigen kom til Noreg: 

– Kan du utdjupe kva du meiner med det?

– Nei. Du må nesten ha opplevd det for å forstå kva eg meiner. Stemninga var spent.

Familien hadde huset fullt av kjente og ukjente som trong ein stad å vere. Bygda fekk ein ny tysk leiar – ein ortskommandant som skulle styre plassen. Ortskommandanten bestemte at to tyskarar skulle flytte inn på eit rom i huset til Gomor og familien.

– Det var ikkje kjekt, men vi såg heldigvis ikkje så mykje til dei. Dei kom berre heim for å sove, og resten av dagen jobba dei, seier Dagny.

Blei tvinga på propagandamøte

Det kom nye reglar som alle måtte følge – viss ikkje kunne du bli arrestert. Det var ulovleg å høyre på radio, og det var ikkje lov å samlast. Det var lite mat, og alle husstandar fekk rasjoneringskort.

Eit gyldig, men ubrukt, rasjoneringskort for mjøl og brød. Foto: Bjoertvedt – Eige verk/Wikimedia Commons/CC BY-SA 3.0

Russiske fangar blei sett i arbeid på togstasjonen. Dei blei både dårleg behandla, og fekk lite mat.

– Eg og søskena mine gjekk ned og kasta matpakkar over gjerdet. Vi lærte oss kven av dei tyske vaktene som snudde ryggen til, og kven som skjente på oss, seier ho lattermildt.

På skulen var ting ganske vanleg til ho begynte på vidaregåande. Då blei rektoren på skulen medlem i Nasjonal Samling.

– Ein måtte passe seg for kva ein sa. Elevane måtte også delta på propagandamøte der nokon frå NS heldt foredrag. Vi sat berre med hovudet bøygd og nekta å sjå på den som snakka.

– Og så gjekk vi med raud topphue på skulen! Det var liksom eit teikn på at ein var mot okkupasjonen.

Dagny Moe (nr. 2 frå venstre) i Russerevyen. Foto: Privat

Sidan det ikkje var lov å samlast, laga dei ungdomsforeiningar, der dei kunne møtast. I løpet av krigsåra, var Gomor på dans éin gong. Då sneik ho og søskena seg på fest utanfor sentrum der samankomsten ikkje blei oppdaga.

Ho trur framleis ikkje at foreldra hennar nokon gong fann ut av det.

Storebror i fangeleir

Mot slutten av krigen blei eldste bror til Gomor, Torgeir arrestert for mistanke om motstandsarbeid. Han blei send til Grini fangeleir. Omtrent på samme tid hadde storesøstra til Gomor, Anlaug flytta til Oslo for å studere.

Grini fangeleir var den største fangeleiren i Noreg under 2. verdenskrig og låg i Bærum utanfor Oslo. Anlaug og kjærasten til Torgeir drog ut til Grini fleire gonger i veka for å kaste matpakker over gjerdet.

Påsketur: Påsken 1944: fv: Dagny Moe (då Langerak), Mari Langerak, Anlaug Langerak og Ragna Langerak. Foto: Privat

Gomor fortel at ho opplever at psykiske vanskar er meir snakka om blant unge i dag, enn under krigen. Ho veit om éin person i nærmiljøet som sleit etter å ha blitt tatt til fange.

– Men vi snakka heller ikkje om psykiske vanskar på samme måte som ein gjer i dag, seier Dagny.

– Det kan ikkje samanliknast

På frigjeringsdagen, hugsar ho jubel og at det var fredsmarsj i gatene. Mange venner kom heim og det var mange ein skulle treffe.

Litt som når samfunnet opnar opp etter å ha vore stengt ei stund.

– Kva tenker du om desse samanlikningane mellom pandemien og 2. verdskrig?

– Det kan ikkje samanliknast. Det kan verkeleg ikkje samanliknast. Det er ikkje den samme fysiske trusselen, det er ikkje matmangel, og ein kan seie kva ein vil utan at det får konsekvensar, seier Gomor.


Andrey Goncharuk (68) frå det ukrainske forsvaret ser på skadane eit hus vart påført av eit russisk luftåtak, ifølgje lokale, i Gorenka. Foto: AP Photo/Vadim Ghirda