Changemaker: «Vi kan ikkje akseptere at norske våpen blir selde til land som Qatar»

Naja Amanda Lynge Møretrø, Lars Tennbakk Bockman
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribentane sine haldningar. 

SSB kunne onsdag rapportere at Noreg i fjor eksporterte våpen til Qatar til ein verdi av nesten 650 millionar kroner.

Dimed vart Qatar Noregs nest største kunde av våpen, berre slått av USA.

Qatars overgrep er blitt godt dokumentert dei siste åra, men for ordens skuld: Qatar er eit islamistisk diktatur. Det er ulovleg å vere homofil og kvinner må få løyve frå mannlege familiemedlemmar for å gifte seg eller ta statlege jobbar. Verst av alt er det notoriske Kafala-systemet, som held framandarbeidarar i slaveliknande forhold.

Mønster av storstilt eksport

I fjor var Noreg på nippet til å boikotte fotball-VM i Qatar, på grunn av deira omfattande og systematiske menneskerettsbrot. Utruleg nok viser fotball-Noreg større forståing og omtanke for internasjonale menneskerettsspørsmål enn utanriksdepartementet vårt, som tydelegvis meiner at Qatar har eit regime som er verdig å styrke militært med norske våpen. 

Utruleg nok viser fotball-Noreg større forståing og omtanke for internasjonale menneskerettsspørsmål enn utanriksdepartementet vårt

Eksporten til Qatar føyer seg inn i eit mønster av storstilt eksport til landa på den arabiske halvøya. Allereie i 2015 omtalte UD desse landa som «fremvoksende markeder for norsk våpeneksport». Dette har i aller høgste grad vist seg å stemme. I 2017 var Oman den største kunden for norsk krigsmateriell.

Emirata har også vore store og pålitelege kundar for norske våpenprodusentar, fram til eksporten dit omsider blei suspendert då ikkje eingong UD kunne ignorere deira åtferd i Jemen. Dette er altså ein mellombels suspensjon, så når krigen i Jemen blir avslutta vil eksporten til desse landa truleg bli teken opp att.

Få land kunne vore verre

Ikkje kan UD gøyme seg bak eige regelverk heller. Stortinget vedtok nemleg i 1997 at våpeneksport berre skal skje etter ei omhyggeleg vurdering av menneskerettssituasjonen i det relevante landet.

Det er vanskeleg å skjøne kva som er poenget med dette vedtaket viss det ikkje skal ekskludere land som Qatar. Det er få land som kunne vore verre å eksportere til frå eit menneskerettsperspektiv. 

UD sine vurderingar let til å vere heilt utilstrekkelege, akkurat som dei fekk så kraftig kritikk frå riksrevisjonen for i fjor. Då uttalte riksrevisor mellom anna at UD ikkje kunne vere sikre på at norske våpen ikkje blei brukte i Jemen.

Vi kan ikkje akseptere at norske våpen blir selde til land som Qatar. Det er på tide at Stortinget grip inn og avsluttar norsk eksport til alle autoritære regime.


Soldatar frå 2. bataljon under trening på Rena. Her med panservernvåpen av typen M72. Noreg skal sende 2.000 slike våpen til Ukraina
Foto: Anette Ask / Forsvaret / NTB