Noreg sin våpeneksport auka med 35 prosent i 2020: – Forkasteleg, seier Changemaker

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Norsk forsvarsindustri er på fleire område leiande internasjonalt. Dette er viktig for forsvarsevna vår og skapar arbeidsplassar over heile Noreg, skriv utanriksminister Ine Eriksen Søreide i ei pressemelding om dei ferske tala.

Eksportkontrollmeldinga viser kor mykje og til kven Noreg selde våpen og forsvarsmateriell til i 2020. Den viser at 86 prosent av den totale eksporten av forsvarsmateriell frå Noreg går til medlemslanda i Nato, Sverige og Finland samt andre europeiske land.

Utanriksdepartementet (UD) skriv at auka på 1,7 milliardar kroner i 2020 mot 2019, stort sett skuldast ei auke i eksporten av luftvernsystem i Indonesia og Litauen.

Qatar har kjøpt våpen og teknologi for 14 millionar

I meldinga kjem det også fram at regjeringa opna for sal av såkalla A-materiell til Qatar, altså våpen og ammunisjon. I meldinga står det at Qatar blant har kjøpt teknologi, bilde- og videoutstyr, bomber, torpedoar, rakettar, missil og eksplosivar for over 14 millionar kroner. Det får Changemaker til å reagere:

– At Qatar systematisk bryt menneskerettane er grundig dokumentert av blant anna Amnesty. At regjeringa no har opna for å selje rakettar og bomber dit er forkasteleg, sier leiar i Changemaker, Embla Regine Mathisen i ei pressemelding.

UD har den siste tida fått hard kritikk etter at Riksrevisjonen i februar slo fast at Noreg har for dårleg kontroll på våpeneksporten. Changemaker og Redd Barna sin rapport frå 2020 slår også fast at det er ein klar risiko for at våpen seld til Emiratane kan bli brukt i Jemen.  

Mathisen i Changemaker kallar det derfor katastrofalt at regjeringa no også opnar for sal av våpen til Qatar.

– Det må på plass eit strengare og betre regelverk! Det blir berre meir og meir tydeleg at Noreg, i motsetning til kva Utanriksdepartementet hevdar, ikkje har gode nok kontrollmekanismar på plass for å forhindre at norske våpen hamnar i feil hender. Ingenting kan forsvare at norsk krigsmateriell endar opp hos regime som systematisk bryt menneskerettane og folkeretten.

Les også: Moddi fekk tilbod om å kjøpe norsk krigsmateriell frå kurdisk milits

UD: – Noreg fører ei streng føre-var-linje

UD skriv på si side at Noreg allereie fører ei streng føre-var-linje, og at terskelen for å avslå ein eksportlisens er låg. I 2020 avlslo dei 27 søknadar.

– Regjeringa er svært oppteken av å vidareføre openheit både om eksporten av forsvarsmateriell og om korleis Utanriksdepartementet praktiserer retningslinjene, skriv Eriksen Søreide.

Framtida.no har vore i kontakt med UD for ein kommentar om eksporten av A-materiell til Qatar, men hadde då saka vart publisert ikkje fått svar.


Bli kjent med påtroppande leiar i Changemaker her: Naja Amanda Lynge Møretrø (24) vert ny leiar i organisasjonen, og vil setje våpeneksport, vaksinar og skatteparadis på dagsorden.

Naja Amanda Lynge Møretrø (24) ville invitert Jesus på middag for å snakke om livet og avlive mytar. Foto: Stian Fossum Larsen, Falle i det fri, Pixabay.com Kollasj: Framtida.no