Noreg sender våpen til Ukraina
Noreg skal sende 2.000 panservernsvåpen av typen M72 til Ukraina. Materiellet blir klargjort så fort som mogleg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Regjeringa har i ettermiddag vedteke at Noreg vil tilby Ukraina våpenstøtte for å forsvare landet mot det militære angrepet frå Russland. Vi legg oss dermed på same linje som nære allierte og dei andre nordiske landa. Noreg har ein restriktiv praksis for eksport av forsvarsmateriell, men Ukraina er no i ein ekstraordinær situasjon, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i ei pressemelding måndag kveld.
Det skjer etter at ei rekkje andre land har bestemt seg for å sende våpen til Ukraina, blant dei Finland, Sverige, Tyskland og Nederland.
På Twitter skriv Støre at han før avgjerda var i kontakt med Finlands president Sauli Niinistö.
– Eit bidrag for å støtte Ukraina
I Noreg har ein sidan 1959 hatt eit forbod mot eksport av våpen til land i krig eller der krig truar. Det går no regjeringa bort frå. Noko òg Høgre, KrF, Frp og Venstre har opna for. Dermed har regjeringa fleirtal i Stortinget for å sende våpen.
Til liks med andre land har Noreg fått ei oversikt over militært materiell som Ukraina treng, skriv regjeringa i pressemeldinga.
– Dette er eit bidrag for å støtte Ukraina i forsvaret sitt mot den militære invasjonen. Det er våpen som er enkle å ta i bruk og kan nyttast til å forsvare seg mot angripande pansra køyretøy. Forsvaret arbeider no med å klargjere og sende materiellet så raskt som mogleg, seier forsvarsminister Odd Roger Enoksen (Sp).
Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj har vore tydeleg på at landet treng militær støtte i form av nettopp våpen og ammunisjon.
- Synest du det er vanskeleg å henge med i Ukraina-samtalen? Desse orda må du kjenne til for å forstå dekninga av Ukraina-krigen
Ikkje kommersielt sal
Tidlegare har regjeringa bestemt seg for å sende såkalla militært b-materiell til Ukraina, som hjelmar og vestar. Andre land støttar derimot Ukraina med ammunisjon og våpen produsert i Noreg.
Regjeringa presiserer at dette ikkje er kommersiell eksport av våpen, men ein donasjon frå ein stat til ein annan, og at dei har snakka med Stortinget før avgjerda vart teken.
– Russlands invasjon av Ukraina krev at vi opnar for heilt særskilde avgjerder og tiltak, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).
- Les også meiningsinnlegget: «Noreg har ei særskild moralsk plikt til å støtta Ukraina»