Moddi fekk tilbod om å kjøpe norsk krigsmateriell frå kurdisk milits

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Korleis kom vi i kontakt med kurdarane? Jo, eg tok kontakt med ein tidlegare krigsfotograf som hadde jobba i Nord-Irak, som igjen sette meg i kontakt med ein italiensk leigesoldat, som igjen tilbaud oss å skyte med norsk skarpt på treningsfelt i Kurdistan.

Det fortel artist Pål Moddi Knutsen på telefon til Framtida.no.

Norskprodusert patron

I samband med musikkvideoen til låten «12.7» ville han finne ut kor vanskeleg det var å faktisk få fatt i eit våpen med den norskproduserte patrona 12.7 i utlandet.

I løpet av eit halvt år og nokre heftige ringerundar hadde han fått napp.

– Og det overraska meg jo eigentleg ikkje, i og med at kurdarane er allierte av USA. Så det er ikkje så vanskeleg å sjå føre seg at norske våpen har teke ein omveg via USA, fått nye klistermerker og har vorte sende vidare til deira allierte, seier Moddi.

Pål Moddi Knutsen kom så langt at han sjekka flybillettar til Mosul, men reiste aldri for å teste norsk skarpt. Han fekk ikkje fatt i kameraet han trong for å filme at patrona vart avfyrt.

I staden for synte han fram ein alternativ musikkvideo, då han stilte opp saman med Changemaker i ein demonstrasjon utanfor Stortinget i slutten av oktober.

– Eg trur grunnen til at eg valde å engasjere meg i dette var at det gjekk opp for meg at vi faktisk produserer fiks ferdige våpen som både kan og vert brukte i krig, fortel artisten.

Saman kravde dei stopp i uetisk norsk våpeneksport:

– Noreg må stoppe å tillate sal til autoritære regime, konstaterer Changemaker-leiar Embla Regine Mathisen på telefon til Framtida.no.

22. oktober demonstrerte Changemaker mot uetisk norsk våpeneksport framfor Stortinget. Foto: Embla Regine Mathisen/Changemaker

Tydeleg regelverk er tydelegvis ikkje nok

I 2019 eksporterte Noreg våpen for 1,9 milliardar kroner, mesteparten til Nato-land og fremst USA.

Den største våpengruppa i fjor var «bomber, granatar, torpedoar, miner, rakettar o.l. krigsmateriell samt deler», ifølgje SSB.

For å selje forsvarsmateriell i dag, lyt ein søkje om lisens frå Utanriksdepartementet. I retningslinjene for korleis UD skal handsame slike søknadar står det skrive ei rekkje grunnar for særleg avslag på lisenssøknaden.

Det skal mellom anna bli gitt avslag dersom:

«(…)det åpenbart er fare for at den militære teknologien eller det militære utstyret som skal eksporteres kan bli brukt til intern undertrykking, til å krenke grunnleggende menneskerettigheter eller til å begå alvorlige brudd på internasjonal humanitærrett»

– Eg synest regelverket vi har i dag er tydeleg, men det er òg tydeleg ut frå den praksisen Noreg har hatt dei siste åra at det ikkje er nok, seier Mathisen.

– Erfaringa mi er at folk vert overraska og skuffa når eg fortel kva Noreg driv med. Det er eit teikn på at vi treng ein strengare eksportpolitikk, seier Changemaker-leiar Embla Regine Mathisen. Foto: Changemaker

– Bygger opp under autoritære regime

Changemaker og Redd Barna lanserte tidlegare år ein rapport som synte at det var ein tydeleg risiko for at norsk ammunisjon som er selt til Dei sameinte arabiske emiratane vert brukt i krigen i Jemen.

Noreg stoppa eksporten av våpen og ammunisjon til Emiratane i 2018, men året før selde Noreg militært materiell for over 100 millionar kroner til landet.

Mathisen meiner det er ein stor svakheit ved dagens regelverk at kjøpar-land sin aktivitet som heilskap ikkje vert teke med i søknadshandsaminga, men at ein berre vurderer kor vidt utstyret Noreg sel kan verte direkte nytta i menneskerettsbrot.

– Vi veit at autoritære land undertrykker, og når land som Qatar og Oman driv menneskerettsbrot bør ikkje vi støtte dei med militært materiell, seier Changemaker-leiaren.

Både Oman og Qatar kjøpte forsvarsmateriell frå Noreg i 2019, endå det ikkje var store summen. I 2017 kjøpte Oman derimot norsk forsvarsmateriell for 1 milliard kroner.

– Problemet er at vi i veldig stor grad bygger opp under autoritære regime ved å selje våpen og andre krigsmateriell til diktatur. Det er ein industri som på mange måtar er uetisk. Noreg, som fredsnasjon, bør ikkje bruke så mykje energi på å tene pengar på det. 

Ein rapport frå Redd Barna og Changemaker synte at det var ein risiko for at norsk ammunisjon vart nytta i Jemen. Foto:AP Photo/Hani Mohammed, File

Lite politisk vilje, og sterke lobbykrefter

Changemaker har løfta utfordringar med norsk våpeneksport i fleire år. Embla Regine Mathisen peikar på at organisasjonen har bidrege til å få stansa eksporten til Saudi-Arabia og Tyrkia og såkalla A-materiell (våpen og ammunisjon) til Emiratane.

– Det hadde ikkje skjedd om vi ikkje heldt debatten aktiv. Eg synest det er veldig motiverande å sjå at det funkar, seier Mathisen.

Samstundes meiner ho det er eit stort problem at det ikkje er større openheit og debatt om norsk våpeneksport.

– Få politikarar snakkar høgt om det. Det er ganske tydeleg når eg går i debatt, at det vert forsøkt dyssa ned og gjort teknisk slik at folk ikkje klarar følgje med i debatten. Det er vanskeleg for mannen i gata å finne god, oversikteleg informasjon om kva Noreg driv med på dette feltet. 

Mathisen trur politikarar ikkje vågar å ta eit tydelegare standpunkt i saka, grunna sterkt press frå bedriftene som sel mykje militært materiell og lobbyistar med sterkare krefter enn sivilsamfunnet.

Både Arbeidarpartiet og Høgre har fjerna formuleringar om norsk våpeneksport i sine forslag til nytt partiprogram, noko Mathisen håpar er ein glipp som vert retta på innan dei endelege partiprogramma ligg føre.

– Må sikre etisk regelverk

Changemaker etterlyser fleire tiltak for å stoppe sal til autoritære regime, som til dømes å krevje ei såkalla sluttbrukarerklæring. Det er ein garanti for at landet som kjøper militærmateriellet ikkje skal selje det vidare.

Samstundes meiner organisasjonen det er på høg tid med ein gjennomgang av regelverket vi har i dag, slik at nye reglar kan kome på plass:

– Vi må sikre at vi har eit etisk regelverk som alle på Stortinget og i folket kan vere samde om, seier Embla Regine Mathisen.

Changemaker-leiaren peiker mellom anna på at skiljet mellom såkalla A- og B-materiell (høvesvis våpen og ammunisjon, og ikkje-dødeleg militært materiell) i våpeneksporten gjev lite meining.

– I moderne krigføring bør det ikkje ha noko å seie om vi gjev dei overvakingsutstyret eller kula som drep. Begge deler er heilt essensielle i moderne krigføring, og om det er systemet eller kula vi har selt har ikkje mykje å seie. Det viktigaste er at vi ikkje gjer det.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) og Utanriksdepartementet har fått mogelegheita til å kome med tilsvar til saka, men har ikkje svara på førespurnadane frå Framtida.no.

Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0