I tillegg skal meldinga føreslå førebyggjande tiltak og annan innsats mot seksuell trakassering.
Arbeidet skal vere eit særleg tett samarbeid mellom Kultur- og likestillingsdepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Dei inviterer til innspel, dialog og samfunnsdebatt om korleis ein som samfunn tek eit oppgjer med seksuell trakassering.
– Metoo-rørsla viste oss korleis fellesskap gjer oss sterkare. Når mange enkeltstemmer samlast, blir det ei felles kraft som kan føre samfunnet framover, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap).
Regjeringa tek sikte på å leggje fram stortingsmeldinga første halvdel av 2024.
