Barn med ADHD gjer det betydeleg dårlegare på skulen enn andre barn

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Barn med ADHD har mykje lågare karakterar i alle ungdomsskulefag enn snittet for dei andre barna, også i dei praktiske faga som kroppsøving og kunst og handverk, viser ein ny studie frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Dei same barna har eit karaktersnitt på 3,24 etter ungdomsskulen, medan snittet for andre barn er på 4,16. Det er i dei teoretiske faga at barn med ADHD ligg mest bakpå, med karakterar som ligg 0,85 under snittet.

Størst utslag for jenter

Studien viser òg at ADHD gir størst utslag i karaktersnittet for jenter og barn av høgt utdanna foreldre. Det jamnar likevel ikkje ut kjønnsforskjellane i karakterar. Jenter har generelt betre karakterar enn gutar, og det gjeld òg barn med ADHD.

– Jenter med ADHD ligg lenger etter andre jenter reint karaktermessig enn gutar med ADHD som blir samanlikna med andre gutar, forklarer stipendiat Hans Fredrik Sunde ved FHI.

Eit anna funn er at barn med ADHD som har høgt utdanna foreldre – altså minst ein forelder med ei mastergrad – har i snitt høgare karakterar enn barn utan ADHD, der begge foreldra ikkje har fullført vidaregåande.

FHI: – Nyttig å setje inn tiltak

– Funna tyder på at breie tiltak vil vere nyttig. Sidan det er avgrensa ressursar i skulane, kan det vere mest effektivt å setje inn tiltak på dei mest teoretiske faga ifølgje undersøkinga vår, seier Sunde.

Med i undersøkinga var 344.152 norske barn fødde mellom 1997 og 2002. 51 prosent var gutar og 13.800 av barna var diagnostiserte med ADHD.


Illustrasjonsfoto: Windows/Unsplash