Historisk vedtak for å bremse plastforureining


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Dette er ein kjempesuksess og ganske imponerande, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) til NTB.
Han har leidd miljømøtet som dei siste dagane har gått føre seg i Kenyas hovudstad Nairobi. Landa skal ha vorte samde om alle dei viktigaste elementa som mellom anna Noreg har teke til orde for.
– Vi har no eit klart mandat for mellomstatlege forhandlingar om ein juridisk bindande avtale, seier Barth Eide.
Detaljane står att
Enorme mengder plastsøppel hamnar kvart år i naturen, og mengda er raskt aukande. Mikroplast – bitte små plastbitar – finst omtrent over heile kloden.
Målet med den nye avtalen er å bremse plastforureininga. Eit viktig element er resirkulering, slik at plast kan brukast om att.
Ein internasjonal komité skal no setjast ned for å forhandle fram detaljane i avtalen. Målet er at han skal vedtakast på FNs neste miljøforsamling i 2024.
– To år er eigentleg ganske kort tid i denne samanhengen, seier Barth Eide.

Klima og miljøvernminister Espen Barth Eide under klimatoppmøtet i Glasgow i fjor haust. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Miljøorganisasjonen WWF meiner vedtaket i Nairobi er eit av dei mest ambisiøse miljøtiltaka i verda sidan avtalen for å verne ozonlaget på slutten av 1980-talet.
– Dette er fantastiske nyheiter! Endeleg har vi fått eit vendepunkt i kampen mot plastforureining, seier Karoline Andaur, leiar for WWF i Noreg.
– Ei ganske mørk tid
Sidan mykje av innhaldet i avtalen allereie er klart, trur Barth Eide at private selskap vil byrje å tilpasse seg dei nye reguleringane allereie no.
Miljøforsamlinga er det øvste organet i FNs miljøprogram (Unep). Noreg har hatt formannskapet i forsamlinga sidan 2019 og fram til no. Det fysiske møtet i Nairobi har vore ei fortsetjing av eit digitalt møte som vart halde i fjor.
Barth Eide trur den internasjonale krisa som følgje av Ukraina-krigen kan ha fått landa på møtet til å samarbeide betre. Han seier han er svært fornøgd med resultatet, «særleg no i ei elles ganske mørk tid».
Eitt viktig tiltak for å hindre plastforureining er forbod mot ulike typar eingongsplast. Miljøministeren seier afrikanske land og særleg Rwanda har gått i front på dette området – og at det knapt er ein plastpose å sjå i millionbyen Nairobi
- Les også om FNs klimapanel sin nye rapport: «Jorda er allereie sterkt påverka av klimaendringar, og framover vil det verte verre.»