Sugerøyr og annan eingongsplast blir forbode
Forbodet mot fleire produkt av eingongsplast trer i kraft 3. juli i år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa innfører forbodet som følgje av eit EU-direktiv, og forbodet har vore venta lenge.
– Mange produsentar og importørar har derfor allereie byrja å fase ut dei produkta som blir forbodne frå 3. juli, skriv Klima- og miljødepartementet i ei pressemelding torsdag.
Produkta som blir omfatta av forbodet, er bestikk, tallerkenar, sugerøyr, ballongpinnar, rørepinnar og bomullspinnar i plast. Enkelte medisinske produkt blir unnatekne. Av isopor blir forboden matbehaldarar, drikkebeger og drikkevareemballasje.
Forbodet kan medføre at bruken av dei forbodne plastartiklane årleg blir reduserte med 1,9 milliardar einingar, eller 3.600 tonn, skriv departementet.