MGP: Musikk eller politikk?

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag rauk Noregs Melodi Grand Prix-håp ut av konkurransen. I kveld er det dermed duka for finalen, utan Agnete Johnsen og låta Icebreaker blant dei ti finalistane.

Spørsmålet om kva som eigentleg avgjer vinnaren av MGP opptek ikkje berre ein ukjent prosentdel av dei 923.000 nordmennene som fekk med seg semifinalen torsdag.

Økonomar, sosiologar, dataingeniørar og andre forskarar frå ulike land har i årevis analysert stemmedata for å avgjere korleis ei låt vinn den tradisjonsrike konkurransen.

Er det tekst, melodi og sceneshow som avgjer? Er det geopolitikk? Eller er røystegjevinga avtalt spel der land bytehandlar med røystene sine?

LES OGSÅ: Målungdomen rosar MGP Jr.

Politiske blokkvotering
I MGP stemmer kvart land på artistar frå alle dei andre landa som deltek. Mistankar om at landa utvekslar stemmer har blussa opp ved fleire høve, som då Ukraina i 2004 fekk høgste poengsum (12) frå sine tidlegare politiske «naboland», Estland, Latvia, Litauen, Polen og Russland, og nest høgste (10) frå Kviterussland og Serbia. Dette var godt over snittet på 8,1 poeng, som Ukraina fekk frå dei andre landa.

BBC har også antyda politisk motiverte stemmegjeving i MGP, i tillegg til å rette søkelyset mot naboland som stemmer på kvarandre.

Mistankane får støtte i studiar av stemmedata frå MGP. Ein studie frå 2005 (Fenn m. fl.) peikar til dømes på geopolitikk, og ikkje musikalsk kvalitet, som den avgjerande faktoren for deltakarane i MGP.

Kven er på lag med kven?
Samstundes er det mange ulike meiningar om kven som eigentleg stemmer på kven.

Ein av dei aller første MGP-studiane (Yair), gjort i 1995, tok føre seg stemmedata frå 1975-1992, og fann ein politisk struktur med tre hovudblokkar. Den vestlege blokka bestod av England, Irland, Frankrike, Nederland, Sveits, Malta, Luxemburg og Israel. Yaits meinte dette var den mest prominente blokka i Europa, og at den var basert på historiske og politiske interesser.

LES OGSÅ: – Engelsk pressar ut bokmål i Melodi Grand Prix

Den nordiske blokka, Tyskland, Sverige, Noreg, Danmark og Belgia, bygde i staden på felles kulturelle og språklege kodar.

Til sist fann Yaits den meir diffuse og ustabile middelhavskoalisjonen av Italia, Hellas, Spania, Jugoslavia, Tyrkia og Monaco, som heller var basert på felles kulturelle opplevingar. Portugal, Austerrike og Finland stod åleine, ifølgje studien.

Ein annan studie frå 2005 (Gatherer) av perioden 1975-2002 identifiserte til skilnad berre to store blokkar. Desse vart kalla «Vikingimperiet» (Skandinavia og dei baltiske landa) og «Warsawa-pakten» (Russland, Romania og tidlegare Jugoslavia).

Ikkje politikk, men kultur
Ikkje alle er einige i at blokkvotering er avgjerande i MGP. I artikkelen «The Eurovision Song Contest. Is voting political or cultural?» (2005), avviser forskarane Victor Ginsburgh og Abdul G. Noury konklusjonen om at juryen i deltakarlanda driv avtalt spel.

Dei finn riktig nok mønster i stemmegjevinga som ser ut som byttehandlar, men forskarane hevdar desse kjem av oppfatningar om kvalitet og nærleik i språk og kultur mellom artistane og landa som stemmer. Det som ser ut som stemmehandel er altså heller eit resultat av kulturelle faktorar, ifølgje Ginsburgh og Noury.

Eit døme er Hellas og Kypros, som verkar å stå nærme i konkurransen. 75 prosent av befolkninga på Kypros snakkar gresk. Danmark og Sverige står også svært nære, og det same gjer Island og gruppa nordiske land. Også blant desse landa er det språklege og kulturelle likskapar.

Når ein tek høgde for slike kulturelle og språklege likskapar, vert effekten av politikk nærmast vekke, meiner forskarane.

– Vi meiner difor at det som ser ut som stemmehandel, faktisk er oppriktig stemmegjeving basert på «kvalitet» og språkleg og kulturell nærleik, skriv forskarane.

Svaret på kva som avgjer Melodi Grand Prix er altså langt frå eintydig. I kveld vert det uansett klart kva land som stikk av med sigeren, og det einaste som er sikkert er at det ikkje vert Noreg denne gongen.

LES OGSÅ: Frå Voi Voi til Fairytale

Faktaboks

Kjelde

Ginsburgh og Noury (2007):The Eurovision Song Contest. Is voting political or cultural?

Fenn m. fl. (2005): How does Europe make its mind up? Connections, cliques, and compatibility between countries in the Eurovision Song Contest (2005)

Yair (1995) ‘Unite Unite Europe’ The political and cultural structures of Europe as reflected in the Eurovision Song Contest

Gatherer (2004). Birth of a Meme: the Origin and Evolution of Collusive Voting Patterns in the Eurovision Song Contest. Journal of Memetics — Evolutionary Models of Information Transmission 8