Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For første gong sidan oppstarten i 1956 blei Eurovision Song Contest i fjor avlyst på grunn av koronapandemien.

Heldigvis er konkurransen tilbake i år, for kvar elles kan ein få servert songar som handlar om ein bart eller ein aprikosstein? For ikkje snakke om sceneshow med animerte fantasivenar, budeier og feleoverdose?

Laurdag er det klart for den store finalen i Rotterdam i Nederland. Vi har henta fram nokre av dei mest minneverdige bidraga for å varme opp til kveldens semifinale.

I ekte ESC-and stemmer vi ikkje på eigne bidrag, og ingen av Noreg sine minneverdige låtar er difor med her.

Take it away!

1. Episk saksofonfyr

Saksofon og Eurovision passar som hand i hanske, mykje takka vere Sergey Stepanov, betre kjend som Epic Sax Guy.

Saksofonisten deltok i konkurransen for Moldova med gruppa SunStroke Project i finalen i Oslo i 2010, og har blitt kjend for sin episke dans, klesstil og fengjande saksofon-solo.

Stepanov si framsyning blei raskt eit meme, og ein Youtube-video med hans instrumentale solo gjekk viralt. Videoen er støymd over 78 millionar gongar på Youtube.

Trass i at den episke saksofonfyren blei ein historisk ESC-augeblink, enda Moldova og låten Run Away på 22. plass. I 2017 returnerte SunStroke Project til ESC, og gjekk denne gongen av med 3. plassen med låten Hey mama. Epic Sax Guy blei då opphøgd til Ultra Sax Guy.

2. Hard Rock Hallelujah!

Med det finske bandet Lordi fekk hardrocken for alvor ein plass i Eurovision Song Contest. Ikledd sine monsterliknande kostyme gjekk bandet heilt til topps i konkurransen med songen Hard Rock Hallelujah i 2006.

Det var Finland sin første ESC-siger, og gruppa sette poengrekord med 292 poeng, som stod heilt til vår eigen Alexander Rybak vann i 2009.

Lordi beviste at ESC ikkje berre handlar om balladar og etnopop. ESC har verkeleg noko for ein kvar smak.

12 poeng for høg pyro-faktor!

3. Isdans og sjølvtillit

Ein berrføtt russisk songar i kvitt antrekk, masse røyk, eit lite telys mot kamera, stradivariusfiolin og ein olympisk skøyteløpar på verdas minste is-scene – kva meir kan ein eigentleg be om i Eurovision?

Med låta Believe hadde Dima Bilan såpass tru på seg sjølv at Russland i 2008 stakk av med ESC-sigeren for første gong. Bilan kom faktisk på andreplass i 2006, men måtte då sjå seg slått av dei finske hardrockarane i Lordi.

Morofakta: Låten Believe er produsert av den amerikanske produsenten Timbaland.

Vi må for all del aldri gløyme den dramatiske augeblinken då jakka til Dima Bilan hang fast då han kom flygande inn på scena under opninga av 2009-finalen.

4. Russiske dansande bestemødre

Russland har produsert fleire slagerar dei, og låten Party for Everybody føyer seg inn i rekka av såkalla etnopoplåtar, som er ein gjengangar i den europeiske låtskrivarkonkurransen.

«Buranovskie babushki», eller «Bestemødrene frå Buranovo», miksa folkemusikk og pop, og i tradisjonelle drakter fekk 70-åringane publikum til å danse medan dei baka kjeks i ein omn på scena.

Innsatsen var nok til ein imponerande andreplass for dei russiske bestemødrene i den internasjonale finalen i Baku i 2012.

5. Kalkun-song

Med sju sigrar er Irland det landet som har vunne Eurovision Song Contest flest gongar. Det føltest kanskje som lenge sidan Jonny Logan si storheitstid då irane i 2008 sende ein kalkun på scena…

Dustin the Turkey deltok for landet med låta Irelande Douze Pointe, som tyder «Irland tolv poeng» (men som er ei feilstaving, det skal vere “Irlande” og “points”).

Låten spelar på stemmeavgivinga i konkurransen, der representantar frå deltakarlanda les opp poeng på engelsk og fransk. Irland var tydelegvis lei av å ha mista ESC-trona.

Men det vart ikkje mange 12-poengarar til kalkunen frå Irland, for bidraget kom seg ikkje ein gong vidare frå semifinalen. Men, det har fortent ein plass blant Eurovision sine merkelegaste bidrag.

6. Greske rytmar

Hellas er eit av landa som ofte blandar tradisjonell musikk med meir moderne rytmar. I 2005 sjarmerte svensk-greske Helena Paparizou heile Europa i senk med låten My Number One.

Showet på scena i Kiev inneheldt mellom anna tradisjonell dans, Paparizou som spelte på det greske instrumentet lyre og at dansarane forma eit eitt-tal på golvet.

Slikt blir ein «number one» av!

7. Skjeggete føniks

Austerrikske Thomas Neuwirth, betre kjend som Conchita Wurst, vann i 2014 finalen i Eurovision Song Contest med låten Rise Like a Phoenix.

Rise Like a Phoenix handar om å reise seg etter tunge tider, og stige opp som ein fugl føniks.

Neuwirth omtaler seg som ei dragqueen, og at ei dragkvinne med skjegg stod på scena og vann, førte til blanda mottaking. Conchita blir hylla som eit LHBT-førebilete og som eit ikon for mangfaldet Eurovision representerer.

– Det var ikkje bere ein siger for meg, men for dei som trur på ei framtid som kan fungere utan diskriminering, og som er basert på toleranse og respekt, uttalte Conchita etter sigeren.

8. Utfordrar tyngdekrafta (og geografien)

I 2019 deltok Australia i ESC med operapopsongen Zero Gravity på scena i Tel Aviv. Den australske sopranen Kate Miller-Heidke utfordra med det både tyngdekrafta og geografien, der ho svevde på ein stolpe høgt over scena.

Miller-Heidke skreiv Zero Gravity etter å ha fått fødselsdepresjon, og har fortalt at ho følte seg «vektlaus» i tida etterpå.

Dersom du lurer på om du har misforstått verdsgeografien heilt, kan du ta det med ro. Faktisk er det fleire land som ikkje er ein del av Europa som er med i ESC. ESC er ekstremt populært blant aussie-ane, og landet har delteke i konkurransen etter spesiell invitasjon frå EBU sidan 2015. 

9. Vampyr-dubstep

Kan ein kombinere opera og dubsteb? I Eurovision er svaret soleklart ja! Sleng på ein Dracula-look, så snakkar vi minneverdig sceneshow!

I 2013 deltok Cezar frå Romania med låta It’s my life. Det blei berre 13. plass, men bidraget er noko ein seint gløymer.

Cezar er for så vidt ikkje den einaste vampyren som har delteke i ESC. Mélovin frå Ukraina tok i 2018 tematikken enda meir bokstaveleg, og steig like godt opp frå ei pianokiste på scena.

10. Djengis Khan

Det tyske popbandet Dschinghis Khan deltok i 1979 i Eurovision Song Contest med ein song med same namn.

Songen handlar ikkje overraskande om mongol-herskaren Djengis Khan.

Stofer som «Ho ha» og «Djeng, Djeng, Djengis Khaaaan» har sett seg på mang ein hjerne.

Den fengjande låten enda på fjerdeplass i konkurransen.

11. Ukrainske Verka

Det diskokule-inspirerte antrekket til artisten Verka Serduchka er blant dei mest ikoniske i ESC-historia. Det same kan ein seie om låten og sceneshowet.

Komikaren og dragartisten Andrij Danylko framførte songen Dancing Lasha Tumbai som sitt alter ego Verka Serduchka. Teksta blir framført på dei fire språka tysk, engelsk, ukrainsk og russisk.

Låten skapte kontrovers både på grunn av at det var ein dragartist og på grunn av eit mogleg politisk bodskap, men enda til slutt på andreplass i finalen i Helsingfors i 2007.

12. ABBA-feber

Svenske ABBA blei verdsstjerner, men mange veit kanskje ikkje at dei deltok fleire gongar i Eurovision Song Contest.

Med Waterloo vann dei heile konkurransen i 1974, og i 2005 blei songen kåra til den beste i Eurovision si historie.

Gruppa var òg føredøme på oppfinnsame sceneantrekk.


I 2018 henta israelske Netta heim sigeren med «TOY». Det skapte kontrovers då Netta uttalte at neste finale vert i Jerusalem og vinnaren måtte nøye seg med Tel Aviv. Foto: Thomas Hanses