Tix slepper musikkvideoen til «Fallen Angel», som skildrar mobbing og tourettes

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 06.02.2023 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Der skildrar MGP-vinnaren kjend som Tix si historie frå barndommen fram til artisten han er i dag – med mobbing, og kvifor han byrja å bruke signaturpannebandet.

Store delar av videoen er spelt inn på Nordpolen skule i Oslo, der brørne Even og Martin Gjuvsland speler artisten som barn, medan Milla Skotnes og Milla Tømmerbakke har andre hovudroller.

I musikkvideoen til «Fallen Angel» ser Andreas «Tix» Haukeland tilbake til erfaringane i oppveksten, der han vart mobba for ticsa sine. Artisten som ung blir spelt av brørne Even og Martin Gjuvsland. Skjermdump / Tix / YouTube

Sjølv andungar kan bli til svaner

– Det å vekse opp med noko som gjer deg litt annleis, kan vere utfordrande. Då vi skulle lage videoen til «Fallen Angel», var det denne historia eg ønskte å presentere, med erfaringar frå min eigen oppvekst, til inspirasjon for barn og unge der ute som kjenner seg igjen, seier han i ei fråsegn via plateselskapet sitt, Universal Music.

– Eg voks sjølv opp med Tourettes syndrom, og eg vart kalla «Tics» på grunn av dei ufrivillige lydane mine og rykkingar i ansiktet. Eg valde etter kvart å omfamne dette kallenamnet, og karakteren Tix vart fødd, heiter det frå Andreas Haukeland som held fram:

– No som ein stor del av befolkninga kjenner meg som den eg har vakse opp til å bli, tenkjer eg at det er viktig å få fram bakgrunnshistoria mi og vise at det alltid er lys i enden av tunnelen – sjølv andungar kan bli til svaner.

Frå skuffelse til forståing

Musikkvideoen er regissert og produsert av produksjonsselskapet Brusjan, som tidlegare har laga musikkvideoar for Emma Gunnarsen, Bendik, Kjartan Lauritzen og Seeb, ifølgje nettsida.

Kritikken mot Haukeland kom først i eit blogginnlegg frå styreleiar i escNorge, Mandy Pettersen, der ho uttrykte skuffelse over at Tix ikkje stilte opp på fleire arrangement i forkant, noko VG rapporterte om måndag. NRK og Haukelands folk opplyste at artisten hadde hatt hendene fulle i forkant – og tysdag kom musikkvideoen.

Etter berre få timar ute strøymde det inn kommentarar på YouTube frå Eurovision-fans frå utlandet, som mellom anna skriv dei «forstår historia betre no».

Youtube-brukarane rosar den nye Tix-videoen. Skjermdumpar


Foto: Signe Rosenlund-Hauglid