Dette er satellittsystemet som gir internett til Ukraina

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg få tips frå eksepertar til å takle nyheitene om krigen i Ukraina

Laurdag kveld tok Mykhailo Fedorov, som er visestatsminister i Ukraina, kontakt med Elon Musk på Twitter. Han ba om hjelp til å få internettenesta Starlink til Ukraina.

Men kva er eigentleg Starlink? Tek.no skriv at det er eit nettverk av små satellittar. Dei er laga for å levera internett til heile jorda, og per no er det i underkant av 1500 av dei i bane rundt jorda, men målet er at dette talet skal auka til 30.000. Ifølgje SpaceX går dei i ei låg jordbane, mellom 550–1200 kilometer over bakken.

Med Starlink kan Musk nesten garantera internettilgang på plassar der det av ulike grunnar er dårleg dekning. Etter at Russland ulovleg gjekk inn i Ukraina og starta krig førre veke, har dei også svekt nettilgangen deira. Det har ført til at dei som er i Ukraina har hatt problem med å kommunisera med resten av verda.

Fiksar internett til folket i Ukraina

Visestatsminister Fedorov skreiv følgjande til Musk:

– Medan rakettane dine med suksess landar på jorda att, angrip no russiske rakettar den ukrainske sivilbefolkninga. Derfor ber me deg no om hjelp til å få Starlink-stasjonar til Ukraina.

Få timar seinare kom svaret frå Elon Musk, som er mannen bak Tesla og SpaceX.

– Starlink er no aktivert i Ukraina. Det kjem fleire terminalar.

Dette betyr at det praktisk talt er umogleg for Russland å stoppa nett-tilgangen til innbyggjarane i Ukraina.