«Kjønnsdysfori kan få sjølv den sterkaste blant oss til å slite»

Miriam Hardarson
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Er vi transfolk berre hårsåre?

Fleire synest å tru at vi transfolk er «altfor fintfølande», «lettkrenka», og overreagerer unødvendig på til dømes feilkjønning.

Har du også tenkt denne tanken? Eg trudde ei stund sjølv på denne myta før, og skjønte ikkje korleis transfolk kunne vere så «sterke» (å kome ut som trans krev jo sitt), men samstundes så «hårsåre».

Det var først då eg starta min eigen transisjon*, at eg byrja å forstå desse smertene som fleire transfolk opplever dagleg.

*når ein transperson går igjennom prosessen med å leve som kjønnet dei identifiserer seg som.

Korleis følest det å vere trans?

Måten kjønnsinkongruens kan følast, er at ei ubehageleg kjensle som kallast kjønnsdysfori eller dysfori, kan intensiverast etter kvart som ein blomstrar inn i, og galvaniserer kjønnsidentiteten sin gjennom transisjonsprosessen.

Så kva er dysfori eigentleg?

Dysfori synest å vere ein impuls som kjem frå hjernane til oss transfolk. Som transkvinne plar eg å skildre det slik: For meg gir den meg «minuspoeng» (dysfori) for alt med meg som kan tolkast som mannleg ved meg. Eg har veldig lite kontroll over denne impulsen.

For meg gir den meg «minuspoeng» (dysfori) for alt med meg som kan tolkast som mannleg ved meg.

Så korleis kjennest det og korleis utartar det seg?

Dysfori vert ofte skildra som mental støy som oppstår som konsekvens av «minuspoeng». Eg får dysfori av stemma min, ulike delar av kroppen min, ansiktet, adamseplet, når nokom kallar meg «mann» eller mitt gamle namn, for å nevne nokre døme.

Det motsette av dysfori er kjønnseufori, eller eufori. Det er ei kjensle som oppstår når ein får «plusspoeng» av hjernen fordi ein kler kjønnet sitt i kjønnsuttrykket sitt på ein måte som samstemmer med kjønnsidentiteten sin. Iblant kan eg få kjønnseufori av å ta på neglelakk, og det opplevest som ei god kjensle i kroppen.

Kva er konsekvensen av dysfori?

Konsekvensane av dysfori-episodar kan vere farlege. På berre få dagar kan eg havne inn i sorgfull depresjon eller episodar som minner om nervøse samanbrot. Fleire eg kjenner må ta sjukedagar eller blir sjukemelde. Mange tek sitt eige liv, tyr til sjølvskading og anna.

Dette her har altså *ingenting* med å vere «hårsår» å gjere. Dette har eg sett skje med sjølv dei sterkaste transfolka eg kjenner. Du kan seie nesten kva som helst til dei, og det prellar av. Men så snart dysforien blir trigga, så slit vedkomande.

Dette her har altså *ingenting* med å vere «hårsår» å gjere.

Kva kan ein gjere?

Det finst metodar som kan «lure» hjernen og avgrense dysfori. Når eg har mykje ansiktsdysfori, så brukar eg sminke på spesielle måtar. Når eg får dysfori rundt adamseplet, så er skjerf eller høghalsa genser redninga. Dette er ein usynleg kamp fleire transfolk slit med dagleg.

dysfori kan få sjølv den sterkaste blant oss til å slite.

Så før du tenker at vi er hårsåre og lettkrenka, hugs at vi har ein medisinsk tilstand som ofte kan forverrast av deadnaming, feilkjønning og liknande. Vi er ikkje hårsåre, vi er dritsterke. Men dysfori kan få sjølv den sterkaste blant oss til å slite.

Feilkjønning kan sjølvsagt også opplevast som ekkelt i seg sjølv, utanom dysforien. Men dette blir då i tillegg til dysforien.

No veit du korleis eg er sårbar. Når du kallar meg «mann», så sårer du meg på ein måte som er vanskeleg for meg å beskytte meg mot. Og no veit du også kvifor du kan kome til å treffe meg i ein høghalsa genser midt på steikvarme somaren.


Har du noko på hjartet? Send innlegg eller tips til tips(a)framtida.no! 

Karoline Skarstein (28). Foto: Renate Wiik