Sjå mot aust

Han rår deg til å sjå mot aust. Månen går ned før midnatt, så himmelen blir mørk nok til å sjå stjerneskota.

– Sør-Noreg ser ikkje verst ut. Det vil liggja skyer i indre strøk frå Trøndelag og oppover, men Sør-Noreg ser ut til å villa få det ganske skyfritt, seier Aslesen.

Stjerneskota er støv og små bitar frå kometen 55P/Tempel-Tuttle som brenn opp i atmosfæren rundt jorda.

Som bilar i ein tunnel

Stjerneskota ser ut til å koma frå stjernebiletet Løva. Difor heiter svermen Leonidane. Men eigentleg bevegar bitane seg i same retning, langs parallelle baner.

Aslesen samanliknar det med lys frå bilar i ein tunnel:

– Det ser ut som bilane i den andre enden spreier seg ut frå eitt punkt. Det dei gjer, er at dei kjem i same retning.

Kvifor kjem svermen kvart år?

Kometen har lagt att eit spor av støv og små bitar langs bana si. Jorda passerer gjennom dette sporet kvart år. Difor kan me sjå Leonidane kvar november, sjølv om kometen er langt unna.

Sjølve kometen brukar om lag 33 år på ein runde rundt sola. I 2031–2032 kjem han tilbake nær jorda og sola.

I åra rundt eit slikt besøk kan jorda møta tettare samlingar av støv frå kometen. Då kan me få sjå fleire stjerneskot enn vanleg.